Cancer-related vascular biology
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 6
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- CCBIO907
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
CCBIO907 går uregelmessig, dt vil ikkje bli tilbod undervsing i emnet hausten 2025.
Målet med kurset er å gje deltakarane teoretisk og praktisk kunnskap om basale prinsipp innan karbiologi, med utviding mot kreftrelatert karbiologi og andre biologiske prosesser der karbiologi er involvert. Emnet skal formidle kunnskap om forhold mellom karbiologi og spreiing av kreft, samt diagnostikk og behandlingsmoglegheiter målretta mot karsystemet. Ein vil gje innføring i bruk av anvende metodar for å studere karbiologi, samt biomarkørar som reflekterer karbiologi ved kreft. Kurset tar mål av seg til å formidle fagkunnskap og samstundes stimulere til vitskapleg tenking, kritisk refleksjon og faglege diskusjonar. Deltakarane får gode moglegheiter til å utveksle kunnskap og erfaringar med kvarandre og med verdsleiande ekspertar innan forskingsfelta som førelesast frå.
Læringsutbytte
Etter å ha fullført kurs, skal kandidatane ha:
Kunnskap om
- Basal karbiologi
- Prinsipper og utfordringar ved persontilpassa medisin
- Kreft-relatert karbiologi, og korleis kunnskap om denne anvendes innan kreftbehandling i dag
- Forskningsfronten innan kreft-relatert karbiologi
- Måtar å utnytte kunnskap om karbiologi til å utvikle nye behandlingsstrategiar
- Kar-relaterte biomarkører ved kreftdiagnostikk og behandling: forskning og klinisk praksis
Ferdigheter
- Kunne formulere problemstillingar for å planlegge og gjennomføre studiar innan kreft-relatert karbiologi
- Kunne vurdere nytte og avgrensingar ved bruk av kreft-relaterte biomarkører
- Kunne formilde relevant litteratur og metodar for kreft-relatert karbiologi, med kritisk refleksjon
Generell kompetanse
Kunne vurdere korleis kunnskap om karbiologi kan føre til økt kunnskap om tumorbiologiske prosesser og mekanismar, og til bedre og meir presis diagnose samt målretta behandling og oppfølging av kreftpasientar.
Studiepoeng, omfang
6 studiepoeng
- Tre kursuker á 30 timer: 3 ECTS
- Forberedende arbeid (litteratur og team-basert læring): 3 ECTS
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Anbefalte forkunnskaper
For PhD-kandidatar: Fullført medisinsk embetseksamen eller mastergrad i celle- eller molekylærbiologi, og tatt opp til ph.d.-program ved UiB eller andre norske læresteder.
For master- og forskerlinjestudenter: Opptak til masterprogram innen medisin eller andre helsefag ved Universitetet i Bergen eller annen norsk utdanningsinstitusjon.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Registrering via StudentWeb før fristen 1. februar.
Studentar frå eksterne (ikkje-UiB) institusjonar må i søke om opptak til kurset her:
https://fsweb.no/soknadsweb/login.jsf
Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også ope for andre studentar, forskerlinjestudentar og ph.d.-kandidatar.
Vurderingsformer
Presentasjon av oppgåve (individuelt eller i par), først for ei lita gruppe studentar, med fagfellekritikk av presentasjonane; deretter vil eit uval av oppgåver verte presentert i plenum, fylgd av diskusjon rundt kvar oppgåve.
- Delta i 80 prosent av undervisningen.
- Førebu seg til og delta aktivt i gruppearbeid.
- Gje munnleg presentasjon frå vekas gruppearbeid, med påfølgande diskusjon
Følgende karakterskala blir nytta:
Bestått / Ikkje bestått
Emneansvarlig
Professor Lars A. Akslen
Kurskoordinator
Postdoc Heidrun Vethe