Å skape digital kultur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- DIKULT105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- All undervisning i auditorium og lab vil foregå på engelsk, med mindre det er kun norsktalende tilstede. Det vil alltid vere høve til å bidra til undervisninga på norsk, og ein kan bruke norsk eller engelsk i oppgåver og eksamen. Rettleiing vil vere på engelsk eller norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
NB! Oppmeldingsfristen for dette emnet er 14. august 2015. Du kan melda deg opp til emnet på http://studentweb.uib.no.
Dersom du ikkje har fått registrert deg innan hovudoppmeldingsfristen 14. august, kan du melde deg på emnet ved å sende e-post til eksamen@lle.uib.no
Emnet dannar grunnlaget for forståinga av den kodings- og formidlingsmessige delen av Digital kultur. Det tar opp att noko av kunnskapen og ferdigheitene tileigna i Dikult101 og Dikult104, og bør takast etter desse.
Emnet handlar om å ta dei gode og rette vala når informasjon og innhald skal tilretteleggjast for ulike brukargrupper på web. Vi legg vekt på beste praksis (god skikk) i alle aspekta i emnet: akademisk analyse, praktisk estetikk og praktisk koding. Undervisninga, aktivitetane og eksamensdelane vil kombinere desse aspekta, og støtte opp under hovudmålet å forstå korleis informasjon kan og bør ha ulike representasjonar på web.
Det analytiske aspektet inneber at studentane trener på den eine sida skarp observasjon av informasjonsarkitektoniske, designmessige og kodingsmessige grep i eigne, medstudentar sine og andre, offentlege nettstader; på den andre sida trener dei på å uttale seg om desse innanfor den akademiske sjangeren i feltet (skriftlege analysar med formelle krav til argumentasjon, sitering, illustrering etc.).
Det estetiske aspektet inneber at studentane trener på å forstå og nytte konvensjonar både i tradisjonell og i web-spesifisk design for å lage tenlege, tiltalande nettstader og fremkalle stemningar.
Det kodingsmessige aspektet inneber at studentane trener på å førebu tekstar til vising på nett slik at han kan bli korrekt lesen av maskiner og nettlesarar (semantisk koding), og å skilje innhald frå presentasjon (CSS).
Alle desse aspekta vert brukte i dei tematiske einingane skriving for web (korleis ein nyttar hypertekst og andre konvensjonar), informasjonsarkitektur (korleis ein kategoriserer innhald og skil mellom mentale modellar og ulike former for navigering), usability og brukartesting (korleis ein gjer webbruken effektiv), accessibility (korleis ein legg tilrette for at t.d. blinde kan lese informasjonen), responsivitet (korleis ein gjer ein nettstad fleksibel til å kunne brukast på fleire einingar samstundes).
Studentane får rikeleg høve til å bidra med nettstader og ressursar dei finn sjølve for å gi døme på god og dårleg skikk innan desse aspekta.
Nettstadene som vert produserte gjennom semesteret er statiske. Det er ikkje høve til å nytte serverside scripting eller database.
Emnet leiar over til Dikult205, kor kunnskapen og ferdigheitene vert utvida med forståing og bruk at programmerte, genererte nettstader og databaser og bruk av multimodalitet og retorikk.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar....
- om bakgrunnskoding av moderne nettstader med HTML og CSS
- om beste praksis i oppmerking av tekst og anna innhald
- om organisasjonsstruktur på ulike nivåer i web design
- om teoriar og konvensjonar i web design, t.d. rundt balanse, fargar, linjer
- om kjende webdesignarar
- om ulike måtar til å best formidle eitt gitt innhald tilpassa ulike brukargrupper
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- skrive både HTML og CSS for å presentere både gitt og sjølvlaga innhald (tekst, bilete og andre medium)
- bruke teoriar og konvensjonar til å skape design
- kode nettstader for ulike brukargrupper
- analysere design-grep og sjangertilhørigheit i moderne nettstader
- skrive ein rapport rundt praktisk arbeid med ein nettstad med grunngjeving av vala som er gjort
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- organisere gruppearbeid og forhandle om oppgåver og strategiar for å produsere eit best mogleg felles resultat
- sjå kritisk på eige og andre sitt arbeid
- presentere og forsvare eige arbeid for ei større gruppe under tidspress
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% for forelesningane og/eller øvingane må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.
Studenten må levere ei oppgåve på omlag 400 ord om eit gitt tema til ei fastsett tid tidleg i semesteret. Oppgåva må godkjennast av emneansvarleg før studenten kan ta eksamen. Oppgåva må følgje akademisk standard for bl.a. argumentasjon, sitering og illustrering (jf. introduksjonskurset). Studenten får resultatet og ein kort kommentar på oppgåva kort tid etter innlevering. Om oppgåva ikkje er godkjend, har studenten eitt forsøk til.
Oppgåvestillinga og innleveringsfristen er klare og nedlastbare frå Mi Side før semesterstart.
Det er obligatorisk rettleiing på den sjølvkoda nettstaden og på gruppeprosjektet (sjå under Vurderingsformer). Rettleiinga kan ha form av presentasjon med kommentarar i plenum eller i grupper. Emneansvarleg godkjenner.
Godkjenninga av dei obligatoriske delane er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Fire eksamensdelar med teoretiske og praktiske arbeid:
- ein sjølvkoda nettstad (som veg 25% av endeleg karakter)
- ein analyse av ein nettstad (som veg 20% av endeleg karakter)
- ein omfattande nettstad laga som gruppearbeid (som veg 40% av endeleg karakter)
- ein individuell rapport om arbeidet med nettstaden (som veg 15% av endeleg karakter)
Oppgåvestillingane og innleveringsfristane for eksamensdelane er klare og nedlastbare frå Mi Side før semesterstart.
Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.
For gruppearbeidet vert det gitt éin felles karakter per gruppe, jfr. § 6.2.6 i Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen. Studentane er sjølve ansvarlege for ei rettferdig arbeidsfordeling i gruppearbeidet.
Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.
Karakterskala
Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mi Side.
Litteraturliste
Vi nyttar ei lærebok i HTML5 og CSS3 og eit par mer spesialiserte bøker om design, om teknologi og om informasjonsarkitektur. I tillegg kjem det utdrag av bøker som er nedlastbare på Mi Side. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til og held seg oppdatert ved å følgje med på designbloggar og ¿samlingar og generelt bruke nettressursar til eiga arbeid. Det vert gitt tips om slike kjelder i lista over fagstoff og på forelesingane.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mi Side før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.