Webdesign II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- DIKULT205
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette emnet gir ei fordjuping i generering, utforming og analyse av moderne webdesign og multimedium-innhald. Emnet har ein programteknisk del og ein teoretisk del, som høyrer saman.
I den programtekniske delen lærer studentane å utforme, publisere og vedlikehalde dynamisk, interaktivt innhald på nett. Studentane lærer koding, men kan også bli vist no-code-programvare innanfor pensum. Studentane lærer om design og publisering for mobil og for "Internet of Things" utover standard webdesign. Dei lærer om visuell presentasjon av data og informasjon (som tabellar og infografikk), og dei lærer å lage og byggje inn multimedium-innhald i interaktive grensesnitt.
Desse programtekniske aspekta er den praktiske konkretiseringa av den teoretiske ramma. Studentane lærer om forholdet mellom koding, multimodalitet og design- og samfunnsdiskursar som dei set sitt eige arbeid inn i. Dette kan inkludere informasjon om kodestudiar, databaseoptimalisering, industristandardar, retorikk, og i kva grad dette er eit nyttig reiskap for å forstå maktmekanismar og overtalingsstrategiar på nettet. Emnet tematiserer etiske problemstillingar, til dømes i samband med åndsverklov, partisk innhald i kunstig intelligens, og når designaren eller redaktøren ikkje kjenner eller har kontroll over alle delane av innhald.
Studentane får trening i å kombinere programmeringsferdigheiter, design- og retorikkunnskap til å lage engasjerande og tiltalande nettbasert interaksjon.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ¿
- om klassisk og moderne retorikk i websamanheng og grensesnittdesign
- om dataspråk, inkludert HTML og CSS
- om korleis du les og forstår skript, kode og plattformer for innhaldsskaping
- om teoriar om estetikk, tekst-, bilete- og modusbruk
- om etiske retningsliner for bruk av personopplysningar og materiale som er verna av åndsverklova
Ferdigheiter
Kandidaten kan ...
- lage, publisere og halde ved like ei dynamisk web- eller mobilside
- lage og tilpasse multimodalt innhald for web eller interaktive grensesnitt
- analysere retoriske prosessar ved bruk av ulike mediemodi
- bruke desse aktivt i eige arbeid
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- forsvare og revurdere strategiar for beste koding og beste formidling av innhald
- setje seg inn i andre sine strategiar for koding og formidling for å fremje konstruktiv kritikk
- forklare og kritisk vurdere eige arbeid
- forklare og forsvare eige og andre sine val og grep i ei større gruppe
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, men emnet har avgrensa med plassar og det er ein eigen søknadsfrist til emnet.
Om det er fleire søkjarar enn plasser, vert bachelorstudentane i Digital kultur prioriterte. Nokre plassar vil vere reserverte for utvekslingsstudentar.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.
Studentane utarbeider individuelle prosjekt med dynamisk digitalt innhald.
Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i byrjinga av semesteret før undervisninga tek til.
Studentane må vere førebudde til både forelesningar og øvingar, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna.
Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, jobbing med sjølvstendig praktisk arbeid, lesing av faglitteratur, løsing av oppgåver, førebuing av presentasjonar og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett. Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til lesing og førebuing til eksamen.
Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og andre arrangement i regi av digital kultur.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Det er fem obligatoriske aktivitetar i løpet av semesteret. Desse kan vere skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, fagfellevurdering av ein medstudent sitt prosjekt og/eller praktisk koding og arbeid. Kvar vert godkjend av emneansvarleg.
Desse obligatoriske aktivitetane får godkjent/ikkje godkjent, og gjeld berre i undervisningssemesteret.
Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før ein får ta eksamen i emnet.
Informasjon om oppgåvene og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort i Mitt UiB.
Vurderingsformer
Ei mappevurdering beståande av to delar:
- Eit omfattande praktisk prosjekt som viser ferdigheit til å bruke moderne strategiar for koding til å lage overtyande, multimodal webdesign.
- Ein akademisk analyse av dette kodingsprosjektet på omlag 2000 ord
Det vert gitt éin karakter for heile mappa, der oppgåvene har omlag same vekt.
Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.
Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.
Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til og held seg oppdatert ved å følgje med på designbloggar og -samlingar og generelt bruke nettressursar til eiga arbeid. Det vert gitt tips om slike kjelder i lista over fagstoff og på forelesingane.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Nokre artiklar eller bokkapittel kan vere på norsk. Studentane kan i oppgåvene nytte og vise til kjelder på andre språk.