Prakis på Senter for digitale forteljingar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette kurset gir studentar høve til å vere praksisstudentar ved Senter for digitale forteljingar (CDN), eit Senter for framifrå forsking ved Universitetet i Bergen.

Studentane vil få erfaring med å arbeide som forskarar på eit prosjekt knytt til digitale forteljingar. Ved å delta i eit aktivt forskarteam vil studentane kunne setje kunnskapen sin om digital kultur i bruk og utvikle forskingsferdigheiter. Praksisperioden vil også gi erfaring med teamwork og samarbeid i ein profesjonell setting. Kvar student vil tilhøyre ei prosjektgruppe ved CDN, og vil delta i forskingsaktivitetar som del av gruppa. Prosjektgruppa vil vanlegvis berre ha éin praksisstudent, og dei andre medlemmane vil t.d. vere stipendiatar og seniorforskarar. Forskingsmetodar vil variere etter prosjektet, og kan spenne frå kreativt utviklingsarbeid til teoretisk arbeid til analyse av forteljingar til digital humaniora. Studentar vil også delta i forskingskommunikasjon og organisering av møte. Emnet er eit godt val for studentar som vurderer ein karriere innan forsking.

Læringsutbytte

Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Ha kunnskap om digitale forteljingar.
  • Kjenne til ei rekke metodar innan forsking og kreativ utvikling.

Ferdigheiter

  • Nytte fagkunnskapane studiet i digital kultur gir i ein reell arbeidssituasjon.
  • Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
  • Danne eit bilde av korleis eit forskingsmiljø organiserer arbeidet.
  • Reflektere meir medvitsfullt over eigen kompetanse og drøfte bruk av fagleg kompetanse i praksis.
  • Kritisk vurdere eige praksisopphald.

Generell kompetanse

  • Skrive fagleg forankra tekstar basert på behovet til arbeidsgivar.
  • Kommentere og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid.
  • Tileigne seg profesjonsrolle.
  • Planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit større prosjekt- eller utgreiingsarbeid.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår, ikkje fast.
Krav til forkunnskaper
60 studiepoeng i digital kultur. Søkjarar må ha gjennomsnittskarakter på minst B i desse emna. Om søkjaren har meir enn 60 studiepoeng i digital kultur, blir gjennomsnittskarakteren rekna ut frå dei 60 studiepoenga med best karakterar.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Følgjande krav til studieprogresjon og karakterar gjeld:

  • Emnet er avgrensa til studentar på bachelor i digital kultur som har oppnådd karakteren B eller høgare i snitt på spesialiseringsemna og/eller programemna i graden.
  • Normert studieprogresjon vil bli vektlagt

Det vil berre vere 1-2 praksisplassar kvart semester, avhengig av kapasitet ved CDN. Innan 15. april/15. oktober semesteret før vil CDN legge ut informasjon om aktuelle prosjekt som søker praksisstudentar på sida til bachelorprogrammet i digital kultur på Mitt UiB. Studentar kan då søke praksisplass ved å sende inn eit søknadsbrev og CV til studierettleiar.lle@uib.no på same måte som ein jobbsøknad.

Dei søkjarane som møter krava ovanfor, vil verte vurderte på grunnlag av søknaden og CV-en dei sender inn, og kan også verte vurderte gjennom jobbintervju hos praksisverksemda (CDN).

Ein kan ikkje ta emnet utan godkjend praksisplass.

Søknadsfrist:

15. mai (haust) / 15. november (vår). Søknadsfristen er avhengig av kva for eit semester emnet blir tilbydd i.

Send søknad til studierettleiar.lle@uib.no.

Arbeids- og undervisningsformer

Under praksisperioden vil studentane ha arbeidsplassen sin ved CDN to dagar i veka. Studentane vil ha arbeidsplass i delt kontor og vil delta i prosjektmøte, forskargruppemøte og andre relevante hendingar ved CDN på linje med andre forskarar ved senteret. Arbeidsmengda svarar til ei 50% stilling der fysisk nærvære er venta to dagar i veka. Tid og stad for arbeidet utover det er fleksibelt.

Studentane vil bli tildelt ein rettleiar ved CDN og vil utvikle ein plan for praksisperioden sin med rettleiaren innan dei første to vekene av praksisperioden. Dei skal skrive midtvegsrapport som skal drøftast med rettleiar. Ved slutten av praksisperioden vil dei skrive ein rapport om forskinga si, og gi ei framføring eller demonstrasjon på prosjektet for andre forskarar ved CDN.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentar har arbeidstid på CDN to dagar i veka i 16 veker, der dei både skal jobbe individuelt og delta i relevante forskargruppemøte og andre arrangement på linje med kollegaane. Praksisstudentar skal også:

  • skrive ein praksisplan på 1-2 sider som skal godkjennast av rettleiaren ved CDN tidleg i semesteret
  • skrive ein midtvegsrapport på 2 sider som skal diskuterast med rettleiaren ved CDN
  • halde ein munnleg presentasjon eller demo på 15 minutt som samanfattar forskinga deira for andre forskarar ved CDN
Vurderingsformer
Rapport om praksisperioden på omlag 2000 ord
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust/vår. Emnet blir tilbydd uregelmessig.
Litteraturliste
Ikkje fast pensum. Det er forventa at studenten set seg inn i forskingslitteratur etter behov.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret for digital kultur
Emneansvarlig
Programstyret for Digital kultur.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium