Temaer i digital fortelling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette emnet gir studentane ein grundig forståing av aktuell forsking på digitale forteljingar. Digitale forteljingar inkluderer for eksempel digitale spill, elektronisk litteratur, datagenererte forteljingar, forteljingar på sosiale medium, og forteljingar skapt i eller for generativ AI, VR eller andre digitale medium. Emnet er organisert som ein serie forelesningar heldt av internasjonale forskarar og skaparar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har kunnskapar om

  • eit bredt spekter av digitale forteljarformer og sjangrar.
  • ulike teoretiske tilnærmingar til studiet av digitale forteljingar.
  • sentrale omgrep, argumenter og teoriar som er relevante for både akademiske og offentlege debatter om digitale forteljingar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjenskape og vurdere sentrale omgrep, argument og teoriar frå pensumlitteraturen og forelesningane, og identifisere deira styrker og svakheiter.
  • kjenne igjen og evaluere forskjellar mellom ulike teoretiske tilnærmingar til digitale forteljingar.
  • identifisere og analysere ulike former og sjangrar av digitale forteljingar.

Generell Kompetanse

Studenten kan

  • forstå både forskingsbaserte tilnærmingar og offentlege debattar om digitale forteljingar, og sette dei i samanheng med kvarandre.
  • reflektere over eigne skrive- og læringsprosessar.
  • bidra med forskingsbaserte innsikter i offentlege debattar om digitale forteljingar.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår eller haust. Dette kurset blir tilbydd uregelmessig.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Generelt bør bachelorstudentar ha tatt alle emne på 100-nivå i digital kultur før dei byrjar på 200-nivået.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for studentar på bachelorprogrammet i digital kultur og utvekslingsstudentar. Andre studentar på bachelor- og masterprogram ved Det humanistiske fakultet kan ta emnet dersom det er kapasitet.
Arbeids- og undervisningsformer

Timeplanen vil være tilgjengeleg ved semesterstart.

Det er viktig at studentane deltar på orienteringsmøtet ved semesterstart.

Studentane er forventa å arbeide 18 timer per veke med emnet frå byrjinga til slutten av undervisningsperioden, inkludert veker utan planlagt undervisning. Desse timane skal brukast på forelesningar og undervisningsrelaterte oppgåver, som lesing, skriftlege oppgåver og sjølvorganiserte diskusjonsgrupper. I undervisningsfrie veker er det forventa at studentane brukar tida til å lese undervisningsmateriale, fullføre oppgåver og førebu seg til eksamen.

Om færre enn fem studentar melder seg til emnet, kan instituttet tilby redusert undervisning. Sjå instituttets retningslinjer på Mitt UiB for meir informasjon. I slike tilfelle vil studentane bli varsla før fristen for semesterregistrering.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte og deltaking er obligatorisk. Oppmøte og undervisningsdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet. Studentane er sjølve ansvarlege for å halde oversikt over eige fråvær og bør føre ein logg over eventuelle fråvær.

For å kunne ta eksamen må studentane fullføre 3-6 obligatoriske oppgåver. Fristane for oppgåvene vil bli gjevne ved semesterstart. Kvar oppgåve blir vurdert som «godkjent» eller «ikkje godkjent». Om ei oppgåve blir vurdert som «ikkje godkjent», får studenten éin ny sjanse.

Alle oppgåver må fullførast og godkjennast av emneansvarleg. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Vurderingsformer

Ein firetimars skuleeksamen.

Studentane kan levere eksamen på norsk eller engelsk.

Karakterskala
A-F. Ei forklaring av skalaen kan ein finne i Mitt UiB.
Vurderingssemester
Vår eller haust. Eksamen er berre tilbydd i same semester som det er undervisning.
Litteraturliste

Pensum inkluderer vanlegvis bøker og artiklar som er tilgjengelege i bokhandlar, digitale kompendia, eller som vil være fritt tilgjengeleg på nettet. Videoinnspelingar og andre medium kan også inngå i pensum; desse vil enten vere fritt tilgjengelege på nettet eller bli viste i undervisninga.

Pensum er vanlegvis på engelsk. Studentane kan likevel bruke og referere til kjelder på andre språk i oppgåver og på eksamen.

Lista over obligatorisk og anbefalt pensum, så langt dette er tilgjengeleg på førehand, vil bli lagt ut på Mitt UiB før semesterstart og oppdatert ved behov.

Litteraturen vil være tilgjengeleg hos Akademika eller som e-bøker og artiklar som er mogeleg å laste ned.

Studentane er også forventa å gjere seg kjende med anna relevant akademiske materiale gjennom biblioteket, nettbaserte akademiske kjelder og sjølvstendig forsking på temaet.

Emneevaluering
Evaluering vil bli gjennomført i samsvar med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for digital kultur.
Emneansvarlig
Programstyret for digital kultur.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.