Utviklingsøkonomi I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ECON115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kurset introduserer studentane til sentrale problemstillingar knytt til økonomisk utvikling i fattige land. Vi observerer at det er stor skilnad i materiell velstand mellom fattige og rike land, og at skilnaden vert større med tida. I tillegg til å kartlegge økonomiske storleikar, gjennomgår vi i kurset ulike teoriar som kan forklare årsakene til økonomisk vekst og utvikling (eller mangel på økonomisk vekst og utvikling).
Skilnaden i inntekt mellom rike og fattige land er enorm, og skilnaden vert større med tida. I kurset presenterer vi tal som underbyggjer desse påstandane, og teoriar som kan kaste lys over årsakene til utviklinga. Kurset gir ei innføring i korleis ulike økonomiske institusjonar og marknader fungerer i fattige land. Det vert spesielt fokusert på korleis kredittmarknaden fungerer. I kurset vert det også diskutert korleis ein i fattige land får realisert økonomiske mekanismar som forsterkar fattigdom (fattigdomsfeller).
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- forklare kor store skilnader det er i materielle levekår mellom rike og fattige land, korleis denne skilnaden har utvikla seg over tid og i kva grad andre levekårsindikatorar (slik som helse og skule) samvarierar med inntekt per capita.
- Forklare kva økonomisk vekst er, kva vilkår som ligg til grunn for økonomisk vekst og kunne gjere greie for sentrale teoriar for økonomisk vekst.
- Greie ut om ulike fattigdoms- og ulikskapsmål, og fordeler og ulemper ved dei ulike måla. Han eller ho skal kjenne sentrale demografiske trekk i verda og kunne forklare korleis vekst i folketal påverkar andre økonomiske tilhøve.
- Greie ut om utviklinga i internasjonale handelsmønster og gjere greie for sentrale økonomiske teoriar for internasjonal handel.
- Greie ut om sentrale multilaterale hjelpeorganisasjonar og kva rolle dei har. Dei skal og kunne forklare kvifor og korleis økonomisk utviklingshjelp vert gitt, og kva ulike teoriar seier om korleis slik hjelp verka.
- Nytte modellar som analyseverktøy i diskusjon om blant anna skilnader mellom fattige og rike land og verknader av økonomisk vekst på ulikskap og fattigdom.
Undervisningssemester
Haust
Krav til forkunnskaper
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
Skriftleg 4 timar eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.