Innføring i spel og strategiar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ECON127
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med kurset er å gje studentane ei brei innføring i grunnleggjande spelteori. Spelteori er ein teori for korleis aktørar (individ, bedrifter, land m.v.) kan velje å oppføre seg når utfallet også avheng av kva andre aktørar gjer.
Eit døme er konkurranse mellom eit lite antal bedrifter, men spelteori kan nyttast langt vidare enn dette - til å studere avgjerder både innanfor og utanfor økonomifaget.
Gjennom forelesingar og seminar vil studentane møte eit vidt spekter av problem som vi kan analysere med spelteori.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- Forstår korleis spelteori kan nyttast til å analysere avgjerdsproblem innafor eit vidt område i samfunnet.
- Har grunnleggjande kjennskap til sentrale spelteorietiske omgrep, som strategiar, Nash-likevekt, delspelperfekt likevekt og bayesianske/perfekt bayesianske likevekter.
Ferdigheiter
Studenten
- Kan nytte grunnleggjande spelteori til å studere og diskutere strategiske situasjonar, både økonomiske og ikkje-økonomiske.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan finne og drøfte likevekter og utfall
- Kan drøfte korleis utfallet av spel relaterer seg til samfunnsmessig optimale utfall.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk frammøte på minst 2 av 3 seminar.
Ei obligatorisk oppgave (må gjerast i grupper)
Deltaking i presentasjon av obligatorisk oppgåve på seminar.
Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
3 timars skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.