Miljøøkonomi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- ECON316A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Formålet med kurset er å gi ein gjennomgang av miljøøkonomisk teori.
Kurset tar for seg miljøøkonomi, og omfattar følgjande tema: marknadssvikt og forureining, ulike verkemiddel mot forureining (avgifter, standardar, omsettelege kvotar, forhandlingar), verkemiddelbruk under visse og uvisse, opsjonar og irreversibilitet.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap om ulike typar marknadssvikt på miljø-, klima- og naturressursområdet.
- har god kunnskap om omgrepa «flow and stock pollutants» og for kva for nokre prinsipp som gjeld for optimal handtering av desse sett frå samfunnets synsstad.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere økonomiske problem knytt til bruk av naturressursar, her under klimaproblemet.
- kan bruke kunnskap om ulike typar marknadssvikt på miljø-, klima- og naturressursområdet på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val for løysing.
- kan reflektere over eigen bruk av miljøøkonomisk teori og justere denne under rettleiing.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om prinsipp som gjeld optimal handtering av dei sentrale omgrepa «flow» og «stock pollutants» og framstille dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
- kan vurdere effekten av ulike verkemiddel mot forureining under ulike marknadsforhold.
Generell kompetanse
Studenten
- har kompetanse til å inngå i utgreiings- og analysearbeid i offentlege institusjonar og i større ikkje-offentlige verksemder på miljø- og naturressursområdet.
- har innsikt i og kan formidle miljøøkonomiske teoriar, problemstillingar og løysingar både munnleg og skriftleg.
- viser evne til kritisk tenking og refleksjon rundt bruken av miljøøkonomisk kunnskap i ulike situasjonar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
3 timar skriftleg skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.