Aktivitet og kost er medisin
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ELMED220
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål at studentane skal kunne tilby pasientar konkrete råd om korleis fysisk aktivitet og trening kan fremme helse.
Emnet aktivitet er medisin skal formidle forståing for at aktivitet kan nyttast som eit dokumentert verkemiddel for å førebygge og behandle dei fleste sjukdomstilstander. Kurset har som mål å gje studentane praktisk erfaring med endringsarbeid ved å møte pasientar som treng tilrettelegging for økt aktivitet. Dei vil treffe pasientar i klinikken som er egna for rettleiing. Kurset tek utgangspunkt i pasienthistorier som studentane skal jobbe med i grupper ved å lage ein aktivitetsplan/treningsopplegg. Planen/oppgåva vert presentert som gruppeoppgåve siste kursdagen.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten kan gjere greie for
- generelle effektar av fysisk aktivitet
- generelle anbefalingar om fysisk aktivitet
- gjere greie for korleis ein kan teste fysisk form på ulike pasientgrupper
- endring av levevanar som ein prosess og generelle prinsipp for endring
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- demonstrere øvingar som kan nyttast ved dei vanlegaste sjukdomar
- Lage eit treningsprogram for ein pasient med eit vanleg helseproblem
- Gjennomføre ein motiverande samtale med ein pasient
Generell kompetanse
Studenten skal vise forståing for at
- ein lege som jobbar med endring av livsstil hos ein pasient må jobbe etter ein pasientsentrert metode
- endringsarbeid og øvingar må tilpassast den enkelte pasient
- livsstilsarbeid er egna for tverrprofesjonelt samarbeid
Undervisningssemester
Dei 2 siste vekene i januar
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Kurset krev at studenten deltek på introduksjon og oppsummering samt minst 3 av 4 utplasseringar.
Kvar student skal delta på eit gruppearbeid kor ein skal lage et forslag til aktiviteter som er høveleg for ein gjeven pasient. Oppgåva skal presenterast på oppsummeringsdagen.
Alle gruppene må være tilstade heile presentasjonsdagen. Presensliste vert distribuert.
Den einskilde student må kunne gjere greie for eige bidrag til oppgåvearbeidet.
Vurderingsformer
Presentasjon av treningsprogram siste kursdag.
Studenten skal arbeide med ein gruppeoppgåve som blir tildelt første uke. Felles for oppgåvene er utgangspunkt i ein pasient med ein nærare definert problemstilling som treng rettleiing for å auke eigen aktivitet.
Oppgåva presenteras siste kursdag av samla gruppe ved ein kombinasjon av presentasjon av kasuistikk og praktisk presentasjon av eit treningsopplegg for denne pasienten.
Ein sides presentasjon av oppgåva lastast opp i Mitt UiB seinast dagen før (kl 2000) presentasjonen slik at den er tilgjengelig for rettleiar
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Aktivitetshåndboken- Fysisk aktivitet i forebygging og behandling
https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/463/Aktivitetshandboken-IS-1592.pdf
Kortversjon til introduksjon
http://aktivitetsalliansen.no/wp-content/uploads/2016/01/AA-hefte-16-sider_bla_nettside.pdf
http://www.snakkomrus.no/samtalehuset.html#
Inkludert læringssafari - e læringsportal
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Power point
Eventuelle treningshjelpemiddel for demonstrasjon må studenten organisere sjølv
Programansvarlig
Emneansvarlig
Thomas Mildestvedt, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), hovudansvarleg
Jan Sture Skouen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), medansvarleg