Fordjuping i allergologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet ELMED315 Allergologi har som mål å gi studentane ei grundigare innføring i utgreiing og behandling av allergiske sjukdommar. Emnet vil gi ein samanfatning og repetisjon av tidlegare undervising, i tillegg til å gå vidare og gi ei djupare forståing i fagområdet allergologi.

Dei allergiske sjukdommane kan omfatta sjukdom i mange organ som til dømes luftveisallergi, matallergi, atopisk eksem, urtikaria/angioødem, og kan vera mild til alvorleg (anafylaksi). I emnet vil det også bli undervist i utgreiing av medikamentallergi, yrkesallergi, matallergi og -intoleranse og anafylaksi..

Emnet allergologi skal formidle forståing for kompleksiteten ved allergisk multiorgansykdom.

Læringsutbytte

  • Kunnskap:

    • Kandidaten skal ha inngåande kunnskap om immunologi, allergisk sjukdom som multiorgansjukdom, yrkesallergi ved kontakt og luftbåren, og mekanismane for anafylaksi.
    • Kandidaten skal kunne anvende kunnskap om forsinka allergiske reaksjonar til utgreiing av desse og forstå prinsippa for bruk av laboratorieanalysar i allergidiagnostikk.
    • Kandidaten skal kunne anvende grunnleggande kunnskap om astma, atopisk eksem, urtikaria/angioødem, matalergi/-intoleranse, allergisk rhinokonjunktivitt, anafylaksi og helseplager tilskrive miljøfaktorar i utgreiing, diagnostikk og behandling.
  • Ferdigheter:

    • Kandidaten skal kunne utføre relevante metodar for diagnostikk av allergisk hudsjukdom, astma og anafylaksi
    • Kandidaten skal kunne analysere diagnostiske testar og bruke desse i behandlinga av hudallergi, ukomplisert astma, atopisk eksem, allergisk rhinitt og anafylaksi
  • Generell kompetanse:

    • Kandidaten skal kunne anvende kunnskapane og ferdigheitene sine i utredning og behandling av allergiske sjukdommar.

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.

Krav til forkunnskaper
Gjennomført 7. semester
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar, case-basert undervisning og praktiske øvelsar.

Antall deltakarere:

Minimum 8

Maksimum 30

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i gruppearbeid og praktiske øvingar er ein føresetnad for godkenning av emnet.
Vurderingsformer
Kursprøve
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturliste i Leganto
Emneevaluering
Ein gong kvart 3. år.
Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Engelsk på futurelearn, norsk på mittuib. Engelsk om det er ikkje-norskspråklege deltakarar