Grunnleggjande reservoarfysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ENERGI261
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om berre norskspråklege deltek.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje ei grunnleggjande innføring i reservoarfysikk og eit godt fagleg grunnlag for å forstå fleirfasestraum i porøse medium. Studentane skal få eit overblikk over moglegheiter innan studieretninga "reservoar- og geoenergi" med særleg fokus på lågutsleppsteknologi innan petroleumsproduksjon, energilagring, geotermi og CO2 lagring.
Innhald:
Emnet gjev ei innføring i generell reservoarfysikk med vekt på dei fysiske prosessar som ligg til grunn for olje/gass produksjon, CO2 lagring, geotermisk utvinning og energilagring. Grunnleggjande parametre og likningar som blir gjennomgått er porøsitet, absolutt og relativ permeabilitet, metning, fuktpreferansar, kapillartrykk, væskedynamikk, innblanding av væsker, og brønnteknologi. Teknologiar for reduksjon av karbonavtrykk i petroleumsproduksjon, som til dømes hydrogen og CO2 fangst, bruk og lagring (CCUS) blir introdusert.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan greie ut om sentrale tema innan reservoarfysikk
- kan forklare eigenskapar ved porøse medium og geologiske formasjonar/reservoar
- kan beskrive fleirfasestraum i porøse medium
- kan gjere greie for parametrar som porøsitet, permeabilitet, trykk, temperatur, kapillartrykk, blandbarheit, relativ permeabilitet og fuktpreferanse
- kan forklare prinsippa ved brønnboring
Ferdigheiter
Studenten
- skal kunne bruke likningar og målingar som beskriv fleirfasestraum i porøse medium
- skal bidra til gjennomføring av lågutsleppsteknologi
Generell kompetanse
Studenten
- kan gje korte presentasjonar om relevante tema
- kan ta del i faglege diskusjonar om energiomstilling
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Master
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar
Aktivitet/ Tal på timar pr. Veke: 3
Aktivitet/ Tal på veker: 14
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg eksamen