Engelskspråkleg litteratur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

ENGMAU642 gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært eller interdisiplinært tema. Vidare vil det også bli gitt ei innføring i viktige spørsmål knytt til moderne litteraturteori.ENGMAU642 er ein obligatorisk del av ein erfaringsbasert master i undervisning

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
  • har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar
  • har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte tema frå engelskspråklek litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ein analytisk tilnærming

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å arbeide med særlege teoretiske/metodiske problemstillingar over ei viss tid
  • har vidareutvikla evna til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Jf. opptakskrava til masterstudiet.
Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved 2-årig erfaringsbasert master i undervisning.
Arbeids- og undervisningsformer
Tre samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

I tillegg må studentane levere utkast til alle mappeelementa (eitt munnleg innlegg og to skriftlege oppgåver) som dei får tilbakemelding på frå faglærar.

Vurderingsformer

Mappevurdering med eit digitalt munnleg og to skriftlege produkt. Det

munnlege produktet kan vere podcast, video eller screencast av ein

PowerPointPresentasjon eller liknande. Dei skriftlege produkta skal vere to tekstar

på 2500 ord kvar (eksklusiv litteraturliste og vedlegg).

Oppgåvestillinga til tekst kan variere frå år til år, og kan

eksempelvis vere essay, melding (review) av vitskapleg

artikkel/kapittel, annotert bibliografi eller refleksjonsnotat. Nærare

retningsliner for munnlege og skriftlege produkt vert gitt i studiet.

Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret. Den munnlege oppgåva tel 20% og kvar av dei skriftlege oppgåvene tel 40% av den samla karakteren.

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår, haust.
Litteraturliste
Pensumet (tilsvarande 7-10 verk) kan omfatta litterære tekstar, sakprosatekstar, og teoretiske tekstar.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.