Praktisk terminologi- og omgrepsarbeid
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- FAGSPR602
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verta brukt.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir praktisk trening og ferdigheiter i å utføre terminologi- og omgrepsarbeid. Studentane skal lære om de ulike trinna i terminologi- og omgrepsarbeid og planlegge og gjennomføre dei i praksis. Studentane blir også kjende med ulike ressursar, slik som termbasar og korpus, og verktøy for omgrepshandtering og -strukturering.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Ved fullført emne har studenten kunnskap om
- trinna i eit terminologiprosjekt
- presentasjon av terminologiske data
- harmonisering av omgrep og termar
- ulike semantiske ressursar
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten
- kritisk vurdere og bruke terminologiske verktøy og ressursar
- argumentere for bruk av språkteknologiske verktøy
- vurdere kva som er gode termar
- bruke korpus og verktøy for uthenting av terminologiske data og omgrepsstrukturering
Generell kompetanse
Ved fullført emne kan studenten
- organisere og gjennomføre eit terminologiprosjekt med roller og prosessar
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor, videreutdanning
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Digitalt
Krav til forkunnskaper
FAGSPR601 Innføring i terminologi- og omgrepsarbeid eller tilsvarande
Anbefalte forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Studenten må vere oppteken til FAGSPR602 gjennom UiBVidere.
Arbeids- og undervisningsformer
Nettbasert undervisning. Digitale ressursar som førelesningar og arbeidsoppgåver som studentane arbeider med individuelt på UiBs læringsplattform. Nokre synkrone, digitale førelesingar og økter med faglærar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal utforme og gjennomføre eit mindre terminologiprosjekt innan sjølvvalt fagområde. Det skal leverast tre skisser undervegs i emnet som skal godkjennast av faglærar.
Obligatorisk aktivitet er godkjend i undervisningssemesteret og påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve. Endeleg innlevering av terminologiprosjekt. Semesteroppgåva skal og innehalde ein refleksjonsdel.
Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Haust og vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan UiB sine fristar for publisering av litteraturlister.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret for nordisk
Emneansvarlig
-
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet