Kunnskap og språk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kunnskap og språk utgjer ein viktig del av den menneskelege verda. Vi prøver å oppnå kunnskap for å navigere verda rundt oss og for å ta informerte avgjerder. Språk gjer det mogleg for oss å lære frå andre og å dele vår kunnskap med dei. Dette gjer ein form for samhandling mogleg som set oss i stand til å byggje komplekse samfunn og relasjonar.

Målet med dette emnet er å utforske filosofiske spørsmål om kunnskap og språk. Emnet vil først og fremst formidle og utvikle forståing for sentrale tema og debattar innan kunnskapsteori. Kunnskapsteori tar føre seg spørsmål om kva det vil seie å ha kunnskap og grunngjevne oppfatningar og korleis dei heng saman. Er til dømes all kunnskap avhengig av sanseerfaring? Er det mogleg å oppnå kunnskap?

Emnet vil for det andre formidle og utvikle forståing for sentrale tema og debattar innan språkfilosofi, med særleg fokus på spørsmål om meining og referanse. Er det til dømes meir å seie om meininga til eit ord enn kva ordet refererer til? Kva er forholdet mellom meininga til ei setning og det setninga blir brukt til å kommunisere? I kva grad er meining avhengig av kontekst?

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha:

  • oversikt over nokre sentrale filosofiske tema og debattar innanfor kunnskapsteori og språkfilosofi;
  • kjennskap til viktige filosofiske bidrag til desse tema og debattane;
  • ein forståing for omgrep, argument og teoriar som er relevante for desse tema og debattane.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • omskriva og forklara sentrale omgrep, argument og teoriar frå dei filosofiske debattane innanfor kunnskapsteori og språkfilosofi;
  • rekonstruera og vurdera argument og teoriar frå dei filosofiske debattane innanfor kunnskapsteori og språkfilosofi og identifisera deira styrkar og svakheiter;
  • reflektera over og diskutera tema og debattar i kunnskapsteori og språkfilosofi;
  • kommunisera idear knytte til emnets innhald, både munnleg og skriftleg.

Kompetanse

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til å:

  • delta i faglege debattar innan kunnskapsteori og språkfilosofi;
  • ta vidare utdanning i kunnskapsteori og språkfilosofi.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Bestått ex.phil. Gode engelskkunnskapar er naudsynt, sidan ein må rekna med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av vekelege føredrag og seminar.

Studentane vil bruke om lag 40 timar i klasserommet i løpet av semesteret, og om lag 8 timar per veke utanom timane med emnerelaterte oppgåver.

Klassetida vil innebere føredrag eller presentasjonar frå faglærar, diskusjonar og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta på minimum 7 av 10 føredrag og minimum 7 av 10 seminar.

Studentane må fullføre minimum 5 skriftlege arbeider på kring 500 ord kvar. Fristar vert sett av den enkelte undervisar.

Ein godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad, jamfør ordinære reglar.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 4 timar.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi
Emneansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium