Filosofi mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillingar, og identifisere og artikulere sentrale omgrep, argument og posisjonar i det aktuelle problemområdet.

Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike mindre arbeida heng saman. Lengda på oppgåva skal vere i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført oppgåve skal kandidaten ha:

  • Kunnskap og forståing av den sentrale forskinga relatert til sitt valde tema;
  • Kjennskap til den breiare forskinga relevant for sitt valde tema;
  • Forståing av korleis det valde temaet passar inn i filosofisk forsking meir generelt, og korleis det relaterer seg til andre fagfelt;
  • Forståing av forskingsmetodar og metodologiar som er relevante for filosofisk undersøking.

Dugleik

Etter fullført oppgåve skal kandidaten vere i stand til å:

  • Velje eit passande forskingsspørsmål med eit høveleg omfang, formulere det tydeleg og forklare kvifor det er interessant eller viktig å svare på;
  • Finne relevant litteratur og identifisere dei kjeldene som er viktigast for å svare på det valde forskingsspørsmålet;
  • Rekonstruere, analysere og evaluere relevante idéar, argument, teoriar osv. som finst i desse kjeldene;
  • Utvikle og artikulere originale standpunkt og gi argument til støtte for dei;
  • Forsvare standpunkt mot utfordringar eller innvendingar;
  • Gjenkjenne teoretiske eller praktiske implikasjonar av dei standpunkta dei forsvarer, identifisere og artikulere avgrensingar ved forskinga deira, og identifisere vidare spørsmål som oppstår frå forskinga;
  • Artikulere målet/måla for eit forskingsprosjekt, identifisere og bruke passende metodar eller metodologiar, og forklare korleis forskingsprosjektet bidreg til eksisterande forsking relatert til det valde temaet;
  • Kommunisere både skriftleg og munnleg i samsvar med akademiske konvensjonar innan filosofi.

Kompetanse

Etter fullført oppgåve skal kandidaten ha kompetanse til å:

  • Planleggje og gjennomføre eit omfattande forskingsprosjekt i filosofi (med rettleiing).
  • Gi eit originalt bidrag til filosofisk forsking.
  • Formidle forskingsfunn til eit akademisk publikum, både skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Studenten bør ha fullført kursdelen av masterprogrammet før han tar til med masteroppgåva. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
For studentar som har tatt andre emne i filosofi med nærliggande tema kan det være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.
Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidet med masteroppgåva er normert til 2 semester og blir normalt lagt til dei to siste semestra av studiet.

Det er ein føresetnad at studenten med jamne mellomrom drøftar masteroppgåva med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane sin(e).

Sjå rettleiingskontrakten for masterprogrammet for antall rettleiingstimar og andre rettar og pliktar som er knytt til studiet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt der rettar og plikter er presiserte. Innlevering av pensumliste samstundes med innlevering av masteroppgåva. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av rettleiar og godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider (25.000-40.000 ord). Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet. Masteroppgåva skal leverast elektronisk i Inspera.

Studenten skal ha ein munnleg eksamen, der karakteren på masteroppgåva kan justerast inntil ein karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året; 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sett av Det humanistiske fakultet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Pensumlista for emnet kan, men treng ikkje, å vere identisk med litteraturlista til masteroppgåva. Pensumet blir bestemd i samarbeid med rettleiar.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.