Klima - berekraft, konsekvensar og løysingar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 2.5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- FRAM623
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet tek sikte på å gi ei grunnleggjande innføring i klimakunnskap. Det skal gi studentane forståing av dei underliggjande prosessane som styrer klimavariasjonar på ulike tidsskalaer. Vidare tek emnet for seg korleis ulike menneskeskapte utslepp påverkar klimaet, og kva som er dei viktigaste drivkreftene bak endringar i klima.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne
- gjere greie for grunnleggjande mekanismar bak drivhuseffekten og skildre korleis sentrale klimapådriv og tilbakekoplingar påverkar klimasystemet
- forklare menneskeskapte klimaendringar og korleis desse påverkar klimasystemet
- gjere greie for korleis klimamodellar vert nytta til å laga framtidsprojeksjonar
Ferdigheter
Studenten skal kunne
- bruke grunnleggjande klimarelaterte omgrep og modellar i fagleg argumentasjon
- forklare samanhengar mellom klimapådrivarar, tilbakekoplingar og observerte klimaendringar
- identifisere forskjellar på naturleg klimavariabilitet og menneskeskapte klimaendringar
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- delta konstruktivt i fagleg diskusjon med medstudentar
- reflektere over eiga forståing og identifisera område der kunnskap kan utdjupast
- bidra konstruktivt i tverrfaglege diskusjonar om klima og berekraft, med forståing for fysiske prosessar i klimasystemet
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
2,5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Emnet har heldigital og asynkron undervisning.
Krav til forkunnskaper
Generell studiekompetanse
Krav til studierett
For oppstart på emnet må du ha søkt og fått opptak til dette vidareutdanningsemnet gjennom UiB sine nettstudier og videreutdanningstilbud: https://www4.uib.no/studier/nettstudier-og-videreutdanning
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningen er nettbasert og foregår på UiBs læringsplattform Mitt UiB
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle modular og oppgåver må vere godkjent for å få kurset bestått
Vurderingsformer
emnet nyttar mappevurdering som vurderingsform.
Mappa består av digitale kunnskapsprøver og deltaking i digitale diskusjonsforum på læringsplattforma.
Alle delar må være bestått.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitenskap og teknologi ved Institutt for geovitskap har det administrative ansvaret for emnet