Fordjuping i fransk litteratur med bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Siktemålet for dette emnet i franskspråkleg litteratur er å undersøkje ei gitt litterær problemstilling som kan vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i dei utvalte pensumverka og problemstillingar knytte til litteraturen og litteraturteorien som er blitt gjennomgått

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruka dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar
  • kan analysera tekstane tematisk og i teoretiske perspektiv som er blitt gjennomgått
  • kan drøfta skriftleg og munnleg problemstillingar knytte til pensum

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og leite fram relevant bakgrunnsmateriale
  • kan gjennomføra under rettleiing eit resonnerande, analytisk og kritisk arbeid tilsvarande BA-oppgåva
  • kjenner normene for akademisk språkbruk
  • kan vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper

FRAN256 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.

Undervisninga byggjer på FRAN122">FRAN122 og FRAN123">FRAN123.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoeng-uttellinga for FRAN256 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN203, FRAN253 eller FRAN206 og 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN204 eller FRAN254.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 12 veker. Undervisninga kan bli digital.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane vel i samråd med faglærar eit individuelt pensum som del av grunnlaget for semesteroppgåva.

I løpet av semesteret skal studentane lage ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frå eit gitt pensumverk til publisering på plattformen og til felles bruk.

Studentane skal seinast fire veker før eksamen få godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei oppgåve på om lag 4000 ord i franskspråklig litteratur, som ein skriv i løpet av semesteret. Ein skal skriva oppgåva på fransk.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i bachelorgraden.

Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen på omlag 20-30 minutt i litteraturpensumet. Prøva skal samstundes syna den munnlege dugleiken i fransk hjå kandidatane.

Skriftleg eksamensdel tel 70 prosent og munnleg 30% av samla karakter i emnet. Karakterane vert sette like etter munnleg eksamen. Begge prøvene må vere greidde i same semester.

Ein har ikkje krav på meir rettleiing om eksamen utsettast til følgjande semester.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum er samansett av ein litterær del (3-5 litterære verk), og ein teoretisk del (50 - 100 sider).

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.