Numerisk vêrvarsling og klimamodellering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet handlar om korleis modellar for numerisk vêrvarsling og klima/jordsystemmodellering er bygd opp, kor usikkerheitene ligger, og korleis dei brukast. Emnet omfattar valet av likningane, numeriske val, parameteriseringar, verifikasjon av vêrvarsel, dataassimilasjon, og ensembleprognosar. Forskjell og likskap mellom modellar for vêrvarsling og klimaprognosar greies ut. Konsekvensar av val i oppgybbing av eit varslinssystem blir diskutert gjennom heile emnet. Det blir òg sett på korleis kunstig intelligens bruast i vêrvarsling. I tillegg blir det vist til begrensningar og prioriteringar i samanheng med operasjonell varsling.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til korleis numeriske vêrvarslingsmodeller- og klima/jordsystemmodellar er bygd opp
  • kjenner til den historiske utviklinga av vêrvarsling og klimamodellering
  • kjenner til vanlege parameteriseringar av finskalaprossessar, til dømes turbulente fluksar, nedbør og konveksjon av fukt
  • kjenner til konsepta av dataassimilering, prediktabilitet og ensemblevarsling
  • kjenner til utfordringar og usikkerheitar til numeriske vêrvarslingsmodellar og klimamodellar
  • kjenner til gjennomføringa av og utfordringar til operasjonell vêrvarsling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdera usikkerheit til vêrvarsel
  • kan relatera modellusikkerheit til relevante atmosfæriske prosessar
  • kan plotta og analysera numeriske vêrvarsel ved hjelp av koding
  • kan nytta vanlege metodar for å verifisera vêrvarsel
  • kan tolka resultat frå deterministiske og ensemble-baserte varslingssystem

Generell kompetanse

Studenten

  • kan førebu enkle korte og mellomlange vêrvarsel
  • kan analysera og diskutera strategiar for å forbetra varslingssystem
  • kan vurdera strategiar prioritetar for operasjonell, numerisk vêrvarsling

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår. Emnet går kun dersom nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelor i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskaper
Numerisk modellering (GEOF211 eller tilsvarande), turbulens i hav og atmosfære (GEOF311/GEOF310), fysisk meteorologi og klimatologi (GEOF212 eller tilsvarande).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
3 undervisningstimar à 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Minimum 1/3 oppmøte på undervisningstimar
  • 2 rapportar
  • Deltaking på 1 gruppediskusjon

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskravet vert godkjent + tre påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Munnleg eksamen, 40 minutt.
Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.