Ekskursjoner og øvelser i geologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Spring
- Emnekode
- GEOV102
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Målet med emnet er å gje ei praktisk og realistisk utforsking av faget geologi, basert på den grunnleggande teoretiske innføringa frå GEOV101. Planeten Jorda er eit komplekst system der prosessar med ulike hastigheiter over geologisk tid har danna ulike bergartar og landformer. Emnet skal styrke forståinga av dei indre og ytre geologiske prosessane som er relevante for geologien på Vestlandet.
Innhald:
Undervisninga gis som praktiske øvingar, ekskursjon (4 dagar), feltkurs (4 dagar), og einskilde førebuande forelesingar.
- Øvingane tek for seg kart og digitale kartverktøy, geologisk tid, dei vanlegaste minerala og bergartane, ytre prosessar og deira karakteristiske formar for erosjon og avleiring (jordart og landformer), samt tolking av ulike typar geologiske kart.
- Ekskursjonen tek for seg korleis observasjon og tolking blir brukt for å utleie ei geologisk historie, innafor sedimentær, magmatisk og metamorf geologi, samt for havnivåendringar, istids- og klimahistorie på Vestlandet.
- Feltkurset tek for seg bruk av grunnleggande geologiske feltverktøy (kompass, feltdagbok), praktisk innsamling av observasjonar og geologiske data, tolking av observasjonar og data, samt gir trening i sjølvstendig geologisk feltarbeid (under vegleiing).
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten kan
- gjere geologiske observasjonar og tolke dei
- forklare geologiske prosessar basert på eksempel frå praktiske øvingar og demonstrasjonar
- definere, skildre og klassifisere dei vanlegaste sedimenta og bergartane
- diskutere danninga av dei vanlegaste sedimenta og bergartane
- konstruere ei geologisk historie på bakgrunn av geologisk informasjon
Ferdigheiter
Studenten kan
- tolke topografiske og geologiske kart
- konstruere geologiske profil frå geologiske kart
- planlegge og gjennomføre innsamling av observasjonar og data i felt
- måle orienteringa av geologiske plan og lineasjonar ved bruk av kompass
- gjennomføre enkle søk etter relevant geovitskapleg litteratur, samt nytte korrekt kjeldetilvising
Generell kompetanse
Studenten kan
- anvende eit presist fagspråk til å skildra og diskutera geologiske prosessar og hendingar
- demonstrere evna til å fungere individuelt og i samarbeid med andre
- planlegge og gjennomføre feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førebuande forelesingar, praktiske øvingar, ekskursjon og feltkurs.
- Forelesingar, 2-4 timar i tre veker.
- Praktiske øvingar, 2-4 timar i veka i 15 veker.
- Ekskursjon, 4 dagar i veka i ei veke.
- Feltkurs, 4 dagar i veka i ei veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på alle øvingar og og gjennomføring av arbeidskrav (quiz, gruppepresentasjon, gruppe- og plenumsdiskusjonar).
Deltaking på ekskursjon.
Deltaking på feltkurs.
Vurderingsformer
Mappevurdering
Mappa inneheld oppgåver og essay (40%), gruppevis ekskursjonsrapport (40%), individuell feltkursrapport (20%)