Paleoklimatologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å formidle ei heilskapleg forståing for globale klimamønstre gjennom geologisk tid, og for mekanismar som er assosierte med endringar i desse. Emnet undersøkar det globale klimasystemet i kenozoikum, og samanliknar geologiske datasett som syner klima i tidlegare tider med det noverande for a vurdere korleis jorda si klimahistorie kan forklare og avgrense moglege klimaendringar i framtida. Eksempel på studiar av fortida si klimavariabilitet frå tektoniske til mellomårlege tidskalaer vert undersøkte. I kurset nytter ein artiklar og nettressursar til undervisning i førelesningar, seminardiskusjonar og klasseaktivitetar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare på kva måte og kvifor jorda sitt klima har endra seg i løpet av kenozoikum (f.eks. på tektoniske, orbital, og ned på samfunnsmessig relevante tidsskalaer)
  • kan forklare dei metodane som vert nytta for å rekonstruere paleoklima, illustrere deira bruk og skildre deira avgrensingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre kvantitative analyser og applisere enkle modellar (f.eks. tolke isotopdata, bruke boksmodell til å utforske klima-karbon interaksjonar)
  • kan summere opp observasjonar/data/prinsipp grafisk
  • kan kjenne att og diskutere kva for faktorar som avgjer globalt og regionalt klima, deriblant karbonkrinslaupet, platetektonikk, solinnstråling, og hav-atmosfære-sirkulasjon
  • kan analysere paleoklimatiske data og trekke logiske slutningar om tidlegare klimaendringar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere, vurdere, og kommunisere jorda si klimahistorie og menneske si rolle i klimasystemet
  • kan demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • kan presentere, diskutere, og kritisk vurdere primærkjelder

Studiepoeng, omfang

10 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Lågaregradsemne

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
GEOL222: 10 sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, øvingar, og seminar.

Førelesning og/eller seminar, 4 timer i veka i 11 veker.

Øvingar, 2 timer i veka i 11 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppmøte på øvingar og seminar. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 semester, inkludert det semesteret dei blir gjennomført.
Vurderingsformer

Labøvelser og aktiv deltaking i undervisning (40%) + 4 timer skriftleg skoleeksamen (60%).

Digital eksamen, se www4.uib.no/for-studenter/eksamen-og-innleveringer/saleksamen

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

www4.uib.no/for-studenter/dine-studier/regelverk-og-retningslinjer/hjelpemidler-pa-eksamen

Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarlig
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.