Seismisk tolkning
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Autumn
- Emnekode
- GEOV272
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål Målet for emnet er å gjere studentane kjent med tolking av refleksjonseismiske data som verkty for å belyse, analysere og forstå geologiske prosessar, avsetningsmiljø og utviklingshistorie.Vidare skal studentane få forståing med innsamling og prosessering av seismiske data, samt bli introdusert til seismisk modellering for å betre forstå seismiske bileter.
Innhald
- I emnet skal refleksjonsseismiske profil, og anna tilgjengelege data som well tops, frå utvalde område på norsk kontinentalmargin bli analysert og tolka ved hjelp av state-of-the-art programvare, slik som Petrel.
- Tolkinga skal setjast inn i det geologisk rammeverket som eksisterer for det aktuelle området, og geologiske historie, strukturell utvikling, avsetningsmiljø og tilhøyrande sedimentære prosesser skal utledes.
- I emnet vil studentane både kunne jobbe gruppevis og individuelt.
- Studentene skal skrive ein rapport basert på erverva kunnskap, tolkning og analyse av dei tilgjengelege data.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne:
- forstå arbeidsprosessar og usikkerheitar forbundet med innsamling, prosessering og tolkning av seismiske data.
- koble eigne observasjonar i seismiske data med den geologisk historia i studieområdet både i høve til strukturell og sedimentologiske utvikling
- gjere seg nytte av relevant litteratur til å understøtte den seismiske tolkinga
- gjere greie for hovudtrekka i den geologiske utviklingshistoria i studieområdet
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke seismiske tolkeverkty
- kan organisere og laste inn data i relevante tolkeverkty
- tolke seismiske data og brønn-/kjerneinformasjon
- kan tolke strukturelle og sedimentære prosessar frå seismiske data
Generell kompetanse
Studenten:
- kan demonstrere evne til å jobbe både individuelt og i samarbeid med andre
- kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
- kan bruke eit presist geologisk fagspråk i diskusjon av seismiske analyse- og tolkemetodar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet
Undervisningssted
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisning 4 timer i veka over maksimum 14 veker
Sjølvstendig arbeide 4 timer i maksimum 14 veker (ikkje obligatorisk)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i undervisning
- Levere inn utkast av rapport
- Gjennomføre og få to quiz-ar godkjente
Vurderingsformer
Mappevurdering:
- Rapport (100%)