Dataanalyse i geovitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:Emnet har som hovudmål å kunne bidra direkte til berekningar og analysar som studenten inkluderer i sin MSc- eller PhD-oppgåve. Det er eit delmål at studenten lærer seg å gjere grunnleggjande berekningar og analysar ved hjelp av programmeringsspråket Python.

Innhald: Undervisinga er oppbygd rundt øvingar med programmeringsspråket Python. Gjennom aktiv bruk lærer studentane om grunnleggjande omgrep og problemstillingar i data-analyse generelt (variable, signifikans, konfidens, hypotesetesting, p-verdi, statistiske testmetodar, val av modell, design av eit eksperiment, mm.) og i analyse av geodata spesielt. Emnet tek for seg metodar både for tidsseriar og romlege data, men vektinga av desse vil avhenge av utgangspunktet og behovet til studentane som deltek. Emnet avsluttast med ei semesteroppgåve, der det vert råda til at studenten brukar data frå sitt eige MSc- eller PhD-arbeid.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere greie for grunnleggjande omgrep og problemstillingar i data-analyse
  • kan diskutere kva for teknikkar som eignar seg på ulike typar data
  • kan demonstrere innsikt i korleis programvara Python fungerer

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre grunnleggjande berekningar og analysar ved hjelp av programmeringssprålet Python
  • kan oppsummere observasjonar, data og metodiske prinsipp munnleg og skriftleg
  • kan tolke og vurdere resultat frå berekningane og analysane

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere tydinga av å nytte avanserte metodar og programvare, både i eit spesialisert fagmiljø og i ein generell samanheng
  • kan nytte og kombinere ulike typar programvare for å løyse ei kompleks oppgåve
  • kan demonstrere evner til å fungere individuelt og i samarbeid med andre

Studiepoeng, omfang

10 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Masteremne

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i geovitskap (eller tilsvarande) . MAT101 eller MAT111
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Emnet representerer en utvidelse av GEOV301 (5 studiepoeng) som gikk siste gang våren 2017.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram eller ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vert gjeve i form av kollektive arbeidsøkter (ikkje tradisjonelle førelesingar) og eit seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk deltaking på kollektive arbeidsøkter (minst 75% av den avsette tida)
  • Obligatorisk deltaking på seminar

Obligatorisk aktivitet er kun gyldig eitt (inneverande) semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering:

  • Vurdering av innleveringar, med tilbakemelding
  • Seminar
  • Avsluttande rapport frå semesteroppgåve
Karakterskala
Ved vurdering av emnet vert karakteren bestått/ikkje bestått nytta.
Vurderingssemester
Vår. Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.