Rett og politikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- GOV116
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om domstolane og velferdsinstitusjonane, og om skjønnsutøvinga og avgjerdene som går føre seg i og mellom desse to institusjonane. Dette er avgjerande for å forstå korleis makt og ansvar er fordelt i det politiske systemet. Det blir lagt vekt på å få fram:
- Sentrale grunntema i statsvitskapleg tenking om skiljet mellom inngangssida (input) og utføringssida (output) i politiske system, med vekt på kvifor utføringssida er avgjerande for legitimitet og tillit
- Nøkkeltema om avgjerdstakarar i domstolar og velferdsstaten, og tydinga av profesjonsmakt og skjønnsutøving samt brukarmedverknad
- kjernetema om legitimiteten til domstolar og velferdsinstitusjonar og avgjerdene dei fattar, og korleis ein kan unngå maktmisbruk og vilkårlege avgjerder
Læringsutbytte
Læringsutbyte
Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:
Kunnskapar
- gjere greie for prinsippa som domstolar og velferdsinstitusjonar kviler på og korleis dei er organiserte
- gjere greie for sentrale omgrep i litteraturen om profesjonars avgjerder og utøvinga av skjønn samt brukarmedverknad
- gjere greie for kjerneomgrep om legitimitet og tillit
Ferdigheiter
- bruke fagomgrep og teoriar frå kurset, til å analysere og reflektere over rolla til retten, domstolane og velferdsinstitusjonane og korleis dei formar samfunnet og måten politikk spelar seg ut på.
Generell kompetanse
Studenten kan
- kritisk relatere omgrep og perspektiv frå emne til dagsaktuelle situasjonar, og delta i debattar med andre om forståing, konsekvensar og løysingar
- kunne skrive faglege tekstar om spesifikke og gitte tema frå kurset
- delta aktivt med innspel i seminargruppene
- kunne presentere tema frå emne munnleg både i seminargrupper og i plenum.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha deltatt på 80% av førelesningane, og innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgjande aktivitetar:
- obligatorisk arbeidskrav i form av (1) gruppeoppgåve 1500 ord (+/- 10%)
- obligatorisk arbeidskrav i form av (2) gruppeoppgåve 3500 ord (+/- 10%)
- framføring av gruppeoppgåve (2) og muntlig kommentar på ei anna gruppeoppgåve
Arbeidet med gruppeoppgåver vert organisert i seminargrupper.
Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Fire timar skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb.