Kvantitativ metode
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- GOV321
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kurset skal setje studentane i stand til å forhalda seg kritisk til eksisterande kvantitative analyser og til å gjennomføra eigne kvantitative studiar. Ei viktig ferdigheit i arbeid med kvantitativ metode er kunnskap om kva for konklusjonar ein kan trekke basert på dataa og metodane ein legg til grunn. Ved å fokusere på lineær regresjon og generaliserte lineære modellar skal studentane utvikle sine ferdigheiter både når det gjeld å identifisere kva som er eigna forskingsdesign og kva som er forsvarleg statistisk modellering gitt ulike datastrukturar. Andre analyseteknikkar som fleirnivåanalyse og eksperimentell metode vert og vektlagd.
Når studentane tek fatt på masteroppgåva er målet at dei er i stand til å ta sjølvstendige og godt motiverte metodeval.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- har kunnskap om ulike datastrukturar og innsikt i dei problema som kan oppstå dersom ueigna modellar blir nytta til dataanalyse
- viser forståing av logikken i eksperimentell metode og skilnadene mellom ulike eksperimentelle metodar
Ferdigheiter
Studenten...
- kan vurdere styrker og svakheiter ved utvalde strategiar for å identifisere (årsaks)samanhengar i kvantitative studiar
- kan handsame data og gjennomføre regresjonsanalyse i valt statistikkprogram i tråd med god statistisk praksis
- kan teste, diagnostisere og justere grunnleggjande statistiske modellar for å sikre pålitelege resultat
- kan presentere og visualisere data og resultat frå statistiske modellar på ein fagleg presis og forståeleg måte
- kan bruke relevant statistikkprogram på ein sjølvstendig måte i arbeidet med analysar og skriftlege oppgåver
Generell kompetanse
Studenten...
- kan identifisere og diskutere sterke og svake sider ved ulike metodetilnærmingar
- kan gjennomføre forsvarleg databehandling og dokumentere arbeidsprosessen i tråd med faglege standardar
- kan kritisk vurdere rekkevidda til eigne og andres forskingsresultat
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107 / AORG109, AORG209 / AORG210
eller
GOV101, GOV104, GOV103 / GOV107 / GOV109
Studiepoengsreduksjon
- AORG321A (10 sp)
- AORG321B (10 sp)
- AORG319 (10 sp)
- AORG321 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram ved Institutt for politikk og forvaltning.
Innvekslingsstudenter på master nivå kan godtas etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta i praktiske øvelser organisert gjennom seminarer. Det stilles krav til minimum 75% oppmøte på seminar.
Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.
Vurderingsformer
Fem timar skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.