Politikk og forvaltning

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette emnet handlar om politiske prosessar og politisk analyse med eit særskilt blikk på relasjonen mellom politikk og forvaltning. Tilhøvet mellom politisk deltaking og styreformer på den eine sida og forvaltningas påverknad på den andre sida er eit grunntema for dette emnet. Emnet rettar merksemda mot korleis tilhøvet mellom politikk og forvaltning har endra seg over tid og korleis det varierer mellom ulike politiske system. Vi går gjennom teoretiske perspektiv, blant anna demokratiteori, organisasjonsteori og institusjonell teori, og analytiske tilnærmingar som gir reiskap for å analysere ulike politikkfelt empirisk. Sentrale politikkfelt, til dømes velferdspolitikk og klimapolitikk, er utgangspunkt for undervisning og diskusjon. Emnet har eit fleirnivåperspektiv, noko som inneberer at undervisninga omfattar prosessar og institusjonar på nasjonalt, lokalt, regionalt og overnasjonalt nivå. Ein viktig del av undervisninga går ut på at studentane formulerer forskingsspørsmål og utformar empiriske forskings- og utgreiingsopplegg knytt til tema på kurset.

Læringsutbytte

Dette emnet skal gi studenten følgjande læringsutbyte: kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • har oppdatert kunnskap om kunnskapsstatus og forsking om politikk og forvaltning
  • har god kunnskap om analysar av politikk og forvaltning med ulike perspektiv
  • har solid kunnskap om fleire områdar innanfor offentleg politikk
  • har god kunnskap om ulike perspektiv i forskinga om politiske prosessar på ulike nivå

Ferdigheiter

Studenten...

  • har evne til kritisk tenking
  • kan gjennomføra politisk analyse av politikk og forvalting
  • kan analysera og nytte eksisterande teoriar og fortolkingar sjølvstendig
  • kan nytte kunnskapen i eit sjølvstendig forskings- og utgreiingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan gjennomføre politiske analysar og nytte ulike forskingsmetodar
  • kan framstille og gjere greie for komplekse faglege tema
  • kan nytte kunnskapar og ferdigheiter til studiar av ulike politikkområde
  • kan kommunisera munnleg og skriftleg om problemstillingar, analysar og konklusjonar til fagfellar, aktørar innanfor politikk og forvalting og til publikum

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG107, AORG215

eller

GOV101, GOV104, GOV103 / GOV107, GOV215

Studiepoengsreduksjon
  • AORG322A (10 sp)
  • AORG322B (10 sp)
  • AORG318 (10 sp)
  • AORG320 (10 sp)
Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram ved Institutt for politikk og forvaltning.

Innvekslingsstudenter på master nivå kan godtas etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.

Arbeids- og undervisningsformer
6-8 førelesingar og 3-4 seminar. Studenten forventast å ta aktivt del i diskusjonen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av eit kortare essay (omlag 2000 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.

Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.

Vurderingsformer

Fire timars skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.