Gresk: Stilskriving og attiske talarar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tilbyr eit fordjupa studium av klassisk gresk syntaks og stilistikk ved lesing av eit utval tekstar gresk prosa, typisk frå dei attiske talarane

Det vil òg bli gitt ei innføring i historia til den klassiske retorikken, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • større kjennskap til gresk grammatikk og stilistikk gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
  • tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • omsetje nivåtilpassa tekstar frå engelsk eller norsk til gresk
  • kan analysere, resymere og vidareformidle greske tekstar

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • formidle kunnskap om grammatiske strukturar i gresk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Minimum eitt av emna: GRE102, GRE103, GRE104, GRE105, eller tilsvarande kompetanse.
Anbefalte forkunnskaper
Avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Skrivekurs, førelesingar og øvingar i praktisk språkbruk gjennom munnleg omsetjing frå gresk til norsk.

Ein enkelttime i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar med ordbok frå og til gresk.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret.
Litteraturliste
Pensum er eit utval gresk prosatekst i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstilling av klassisk retorikk og relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbøker til og fra gresk og morsmål eller valgfritt språk, f.eks. Berg, Græsk-dansk ordbog, Woodhouse, English-Greek Dictionary. Ordbøkene skal ikke inneholde bøyningsmønstre.
Programansvarlig
Programstyret for klassisk
Emneansvarlig
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium