Fordjupingsoppgåve i historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet er å gjere studenten i stand til å skrive ei historisk framstilling, på grunnlag av både forskingslitteratur og kjelder. Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema. Temaa kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking.

Gjennom skriving av ei oppgåve innanfor eit avgrensa tema, lærer studenten å bruke historisk kjeldekritikk til å løyse historiske problem.

Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, før kvart undervisningssemester.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Studenten skal ha tileigna seg realkunnskap om temaet som er valt for emnet. Studenten skal kjenne til relevante kjelder til temaet og skal vise ferdigheiter i å bruke kjelder metodisk og kritisk.

Ferdigheiter

  • Med utgangspunkt i valde problemstillingar skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere kjelder og forskingslitteratur, trekke eigne konklusjonar og formidle dette i eit skriftleg arbeid. Desse ferdigheitene er særskild viktige i læraryrket.

Generell kompetanse

  • Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativiteten i ei informasjonsmengde skal vurderast. Ei systematisk trening i dette vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiefaget.

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Det er ein føremon at studenten har gjennomført emnet HIS101.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, men emnet har avgrensa med plassar og det er ein eigen søknadsfrist for emnet. Detaljar for neste semester blir publisert i StudentWeb. Du kan melde deg opp til emnet på studentweb.uib.no. Om det er fleire søkjarar enn plassar, vert studentar med opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet, UiB, prioriterte.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil ta form av seminar og personleg rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det skal leverast ei prosjektskisse på inntil 1500 ord med problemstilling og disposisjon innan oppgitt frist.
Vurderingsformer

Studentane skal levere ei oppgåve på om lag 1500 ord. Oppgåva skal ha korrekte tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Undervisningslitteratur vil bli fastsatt i samråd med emneansvarlig.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.