Bacheloroppgåve i historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- HIS250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt er undervisinga på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gje studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva.
Instituttet tilbyr rettleiing innanfor eit rekkje tematiske felt, og både i eldre og nyare historie. Tilbodet vil variere frå år til år, avhengig av kva undervisningskrefter som er tilgjengelege. Instituttet gjev informasjon om kva tema som vert tilbodne i god tid før semesterstart.
Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie.
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter
Studenten
- viser sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet
- demonstrerer ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga.
- demonstrerer ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid
- har kompetanse i fagleg kommunikasjon ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar
- har sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Det vil vere mogleg å ta emnet også om hausten, men tilbodet vil då vere avgrensa når det gjeld tilgjengelege tema.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Rettleiarane, og følgjeleg også dei tematiske felta dei tilbyr rettleiing i, har avgrensa kapasitet. Plass på temaene vert tildelt etter "førstemann til mølla-prinsippet".
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer gjennom individuell rettleiing og/eller grupperettleiing. Arbeidet krinsar kring bacheloroppgåva. Studentane har sjølve hovudansvaret for å definere dei nærare rammene for og innhaldet i oppgåva, her under å identifisere og nyttiggjere seg den relevante faglitteraturen og eventuelle kjelder. Rettleiaren er ei støtte i dette arbeidet.
Studentane skal kommentere tekstframlegg frå medstudentar. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristane for kommentarane. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter retningslinene til instituttet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:
1. Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.
2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.
3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.
4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.
Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort i Mitt UiB ved starten av semesteret.
Vurderingsformer
- Bacheloroppgåve med justerande munnleg eksamen
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord.
Den munnlege prøva kan justere karakteren på bacheloroppgåva med maksimalt ein bokstavkarakter.
Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.