Teknikkar i historiefaget
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIS304
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt vert emnet undervist på norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal lære praktiske redskap og/eller hjelpevitskapar som er relevante for ferdigstillinga av ei masteroppgåve. Studiet er bygd opp kring ulike teknikkar som er aktuelle for studentar som arbeider med historie på mastergradsnivå. Instituttet vil vere fleksibelt med omsyn til kva ein kan la gå inn i emnet, og undervisninga vil i ein viss grad vere tilpassa det studentane til ei kvar tid treng.
Våren 2025 kan du velje mellom to tema på HIS304:
1. Gotisk håndskrift
2. Middelalderpaleografi
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har studenten grunnleggjande kunnskapar innan teknikken som er valt.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke teknikken sjølvstendig i eige arbeid, og kan vurdere metoden og teknikken kritisk
Generell kompetanse
Studenten
- har evne til å setja seg inn i relevant litteratur og bruke denne innsikta på ein praktisk-metodisk måte.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Øvingsoppgåve
Studentane skal levere inn ei øvingsoppgåve som må vere godkjent før dei kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
- Munnleg prøve
Munnleg eksamen kan vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk.