Basic Course in Flow Cytometry
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- HUIMM307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål
Grunnleggjande innføring i flowcytometri. Den teoretiske delen av emnet skal setja studentane i stand til å forstå bruksmåtar for flowcytometri. I tillegg vil studenten ha praktisk trening i å analysera flowcytometridata under den praktiske dataanalysedelen av kurset som vil bli introdusert på seminar av kursleiarane.
Innhold
Teoretisk del:
- Kursleiarane vil gi ei teoretisk innføring i flowcytometri og nokre av dei vanlegaste bruksområda.
Praktisk del:
- Praktisk dataanalysetrening for både konvensjonell og spektral flowcytometri
Læringsutbytte
Ved fullført emne HUIMM307 er studenten i stand til/har:
Kunnskap
- forståing for grunnleggjande bruksmåtar for flowcytometri
- kunnskap om kva og kor mange ulike fluorokromer ein kan bruka på eit gitt flowcytometer eksperiment
- evaluera kvaliteten på flowcytometridata
Ferdigheter
- planleggja og utføra grunnleggjande eksperiment ved bruk av flowcytometri- kvalitetskontroll og analyse av flowcytometridata
- presentera flowcytometridata på ein vitskapleg måte
Kompetanse
- forståing av grunnleggjande flowcytometri
- forståing fór kvifor ein bruker flowcytometri i eit bestemt forskingsspørsmål
- tolka grunnleggjande flowcytometridata
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Det er ingen direkte registrering, men kvar person som vil delta må kontakte emneansvarleg Brith Bergum ettersom det er eit begrenset antal plasser.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Kjennskap til programmert celledød (apoptosis) og cellesyklus.
Erfaring med elementære laboratorieteknikkar slik som pipettering og sentrifugering.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Kurset vert gjennomført ved minst 4 registrerte studentar, samt ei øvre grense på 10 studentar.
Emneansvarleg Brith Bergum avgjer kven som kan delta.