Algoritmeutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet fokuserar på evna til å omsette teoretiske kunnskapar om algoritmar, datastrukturar og kompleksitet til raskt å kunne gjennomføre heile prosessen frå å analysere eit problem, vurdere føreslåtte løysingar si køyretid og å implementere ei effektiv løysing.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til algoritme-design-teknikkar, som grådige algoritmer, dynamisk programmering, og brute-force søk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere køyretida til ein gitt algoritme i O-notasjon, og bruke dette til å estimere køyretida til eit dataprogram på ei gitt datamaskin på eit gitt datasett.
  • kan velje riktig algoritme og datastruktur for eit gitt problem, og tilpasse algoritmar og datastrukturar til nye problem.
  • kan implementere algoritmar som er basert på algoritme design-teknikkane som blir dekket.
  • kan gjenkjenne når ein med fordel kan nytte seg av implementasjonar av algoritmar og datastrukturar frå standardbibliotek, samt nytte seg av desse.
  • kan implementere effektive datastrukturar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan omsetje eit algoritmisk problem til eit korrekt og effektivt dataprogram for dette problemet.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: https://www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

For å behalde plassen på emnet må du oppfylle følgjande krav:

Møt opp på den første førelesinga/orienteringsmøtet Tid og stad for den første førelesinga/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på emnets nettside og på Mitt UiB.

Registrer deg på Kattis innan den oppgitte fristen. Fristen blir kunngjort under den første førelesinga og publisert på Mitt UiB.

Manglande oppfylling av krav

Studentar som ikkje oppfyller begge krava, risikerer å miste plassen på emnet.

Om du ikkje kan møte på den første førelesinga/orienteringsmøtet, må du melde frå til Studieseksjonen på:

studieveileder@ii.uib.no

Prioriteringer for opptak til emnet er som følgjer:

1. Studentar som har har emnet som obligatorisk i studieplanen har førsteprioritert.

2. Studenter som har tatt INF234

3. Studenter som ikkje kjem under punkt 1 og 2.

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Emnet byggjer på INF102. INF234 er ein fordel.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing 2 timar i veka gjennom heile semesteret. Gruppetime 2 timar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga i INF237 er beståtte oppgåver. Oppgåvene vert gitt i løpet av semesteret. I tillegg, er det krav om deltaking i programmeringskonkurransar bestemt av emneansvarleg.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår. Etter avtale med emneansvarleg kan studentar som av ulike årsakar ikkje fullfører emnet i undervisningssemesteret fullføre emnet påfølgjande haustsemester. Nye oppgåver gitt haustsemesteret har ikkje gyldigheit utover haustsemesteret dei vert gitt i.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.