Informasjonsteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kva er informasjon? Emnet handlar om mål for informasjonsinnhald av digitale symbol og symbolsekvensar. Med utgangspunkt i Shannons informasjonsteori blir det gitt ei innføring i grunnlaget for datakompresjon, feilkorrigerande kodar og kryptografi. Ein tek óg opp bruk av informasjonsteori i datanett, og vi studerar informasjonsteoretiske wiretap-kanalar for å introdusera samanhangen mellom tryggleik og informasjonsteori. Vi undersøkar óg anvendingar på gambling og hesteveddeløp.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal kunne:

  • Gjere greie for omgrepa entropi og gjensidig informasjon.
  • Forstå korleis informasjon kan representarast på ein måte som er effektiv for bruken.
  • Gjere greie for bruk av informasjonsteori i fleirbrukarkanalar, i kringkastingskanalar og i generelle nettverk.
  • Forklare informasjonsteoretiske aspekt ved datatryggleik.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • Bestemme kanalkapasitet for ein diskret-inndata minnelaus punkt-til-punkt kanal med gjevne parametrar.
  • Implementere algoritmar for kjeldekoding av enkle kjeldar og kjeldar med minne, og andre algoritmar som vert gjennomgått i emnet.

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • Ha ei god forståing for fagområdet informasjonsteori.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

INF100 eller tilsvarande, MAT111 eller tilsvarande, MNF130, STAT110, er sterkt tilrådd. I tillegg er INF101, INF142, INF240 tilrådd.

Studiepoengsreduksjon

INF144 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Førelesningar / 13 veker

Øvelser: 2 timer i uken

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftleg digital skuleeksamen (4 timar).

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.