Grafisk databehandling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:
Emnet har som mål å introdusere grunnleggjande konsept innan datagrafikk. Emnet gir den naudsynte teoretiske bakgrunnen og demonstrerer bruken av informatikk innan datagrafikk. Emnet let studentane utvikle programmeringsdugleik innan datagrafikk igjennom eit sett med innleveringsoppgåver.

Innhald:
Emnet dekker dei fundamentale tema, til dømes grafikkrepresentasjonar og transformasjonar. grafikk røyrledning (en. rendering pipeline), synlegheit, teksturer, samd meir avanserte område, som ray tracing og global illumination.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • Har ein grunnleggjande forståing for konsepta og dei matematiske byggjesteinane innan datagrafikk
  • Kjenner til grunnleggjande algoritmar og strukturar innan datagrafikk
  • Har ei oversikt over forskjellige modelleringsmetodar
  • Har detaljert kunnskap innan grunnleggjande teknikkar for lyssetjing og teksturmapping
  • Har ei forståing for korleis lys samhandlar med 3D scenar

Ferdigheiter
Studenten

  • Kan bruke modelleringsprogramvare for å skape 3D scenar
  • Kan nytta grunnleggjande matematikk for å utvikle grafikkapplikasjonar
  • Kan designe og utvikle interaktive 3D program ved bruk av WebGL
  • Kan utvikle programvare for moderne grafikkmaskinvare

Generell kompetanse
Studenten

  • Kan analysere, spreie, og kommunisere løysingar for visuell berekning (en. visual computing)
  • Kan organisere og strukturere ei programløysing i eit team

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

INF100 og INF101 (eller tilsvarande)
MAT101/MAT111 (eller tilsvarande)

Anbefalte forkunnskaper

INF250. INF251 byggjer på INF102. Ein solid bakgrunn i (objekt-orientert) programmering, beståande av både teoretisk og praktisk kunnskap er naudsynt.

Studiepoengsreduksjon

I291: 10 ECTS, INF211: 10 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består i hovudsak av førelesningar, programmeringsleksjonar og øvingar. Vanlegvis vil det vere 5 organiserte arbeidstimar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på obligatoriske øvingar og beståtte obligatoriske oppgåver. Obligatoriske oppgåver er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vera bestått. Vektinga blir kunngjort på mittuib ved semesterstart.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modellar angjevne i fakultetet sine reglar

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.