Forsterkingslæring
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- INF266
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Forsterkingslæring er eit av hovudparadigma av moderne maskinlæring, kunstig intelligens og robottikk
med mange bruksområde innan avgjerdsprosessar og autonome agentar. Dette kurset gjer ein forståing av
fundamenta til forsterkingslæring, analyserer klassiske forsterkingslæringsalgoritmar og viser korleis å
modellere og løyse praktiske problemstillingar ved hjelp av forsterkingslæring.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten skal vere i stand til å
- Forstå dei grunnleggjande konsepta til forsterkingslæring;
- Formalisere og uttrykke problem i forsterkingslæringsrammeverk;
- Kunne uttrykke skilnader, styrker og grenser til klassiske forsterkingslæringsalgoritmar.
- Evaluere og bestemme korleis å løyse forsterkingslæringsproblem.
Ferdigheiter
Studenten skal vere i stand til å
- Løyse forsterkingslæringsproblem med klassiske forsterkingslæringsalgoritmar.
- Implementere forsterkingslæringsalgoritmar og tilpasse dei til spesifikke problem.
Generell kompetanse
Studenten skal vere i stand til å
- Forstå når og korleis spesifikke problem kan løysast ved hjelp av forsterkingslæringsalgoritmar.
- Forstå og kritisk evaluere moderne forsterkingslæringsalgoritmar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, 2-4 timar i veka
Gruppeøvingar , 2-4 timar i veka
Individuell læring og prosjektarbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og
eksamen må vera bestått. Vektinga blir kunngjort på Mittuib ved semesterstart.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på
studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt <a
href="mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar</a
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for
emnet og studieprogrammet.