Informasjonssystem

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gi det teoretiske grunnlaget for deltaking i arbeid med informasjonssystem, enten det gjeld administrering, utgreiing- eller vurderingsarbeid eller planlegging og gjennomføring av prosjekt.

Emnet presenterer ulike typar informasjonssystem på individuelt, gruppe og organisatorisknivå og diskuterer korleis dei på ulike måtar støttar moderne verksemder. Sentrale forhold knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem blir presentert og drøfta, saman med forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk. Eit praktisk prosjekt blir gjennomført som ein obligatorisk emneoppgåve.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande forståing av rolla til informasjonssystem i organisasjonar og samfunn.
  • har kjennskap til føremål med og arkitekturar for informasjonssystem.
  • har kjennskap til tryggleik, personvern og etikk i knytt til informasjonssystem.
  • har kjennskap til utvikling av informasjonssystem.

Ferdigheit

Kandidaten kan

  • diskutere informasjonssystem frå eit strategisk, brukar- og prosessperspektiv.
  • forklare forskjellar mellom ulike måtar å utvikle informasjonssystem på.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
INFO100 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Full poengreduksjon mot INFO211
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og gruppeøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking: Obligatorisk oppmøte på seminargrupper (minst 75%).

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er ikkje gyldige utover det semesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
  • 3 timar skriftleg eksamen (60%).
  • Mappevurdering (40%): gruppeoppgåve(r)

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.  

Kontinuasjonseksamen

Skoleeksamen:

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Gruppeoppgave:

studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5, søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og  01.12 for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Skriftleg eksamen: Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.