Datahandtering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet presenterer teori og praksis knytt til utforming og bruk av relasjons- og NoSQL-databasar. Dette omfattar datamodellering med EER, relasjonsmodellen. databaseutforming og normalisering, spørjespråk samt prinsipp for fil-organisering og indeksering. Emnet tar også opp skillet mellom ulike typar data. Atomiske data vs strukturerte objekt, og oversyn over dei grunnleggjande konsepta og metodane i NoSQL databasar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kjennskap til datamodellering.
  • har kjennskap til modellar og prinsipp for lagring av ulike typar data.
  • har kjennskap ulike typar spørjespråk.
  • har kjennskap til prinsipp for NoSQL metodar.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan kartleggje eit bruksområde i ein datamodell.
  • kan utvikle databasar for ulike typar data.
  • kan handtere data i databasar ved hjelp av moderne spørjespråk.
  • har praktisk erfaring med språk og verktøy for å utvikle og bruke databasar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

INFO104 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

  • DATA120 (5 sp)
  • INF115 (5 sp)
  • INFO122 (10 sp)
  • INFO121 (10 sp)
  • INFO123 (5 sp)
  • MIX201 (10 sp)

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.
  • Obligatorisk deltaking: oppmøte på obligatoriske lab- og seminargrupper (minst 75%).

Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle skriftlege hjelpemiddel er tillatne på eksamen.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.