Sosial nettverksteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gir moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom websider for rangering av sider i et websøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.

Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
  • demonstrere teoretisk kunnskap om teoretiske modellar, omgrep og resultat relatert til modellering og analyse av sosiale nettverk, utvikla i fleire fagdisiplinar.
  • gjengi og forklare dei viktigaste matematiske modellane for sosiale nettverk og sosial interaksjon, samt relaterte omgrep.
  • gjengi og forklare de viktigaste vitskapelege resultata relaterte til slike modellar.
  • nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere sosiale nettverk.
  • velje ein passande matematiske modell for å lage ein abstraksjon av eit gitt type fenomen i eit gitt sosialt nettverk, og kunne nytte omgrep og teknikkar for å analysere slike modellar.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte matematiske modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust, kvart oddetalsår. I partallsår benyttes kode INF207.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
INFO102 eller MNF130 eller tilsvarande
Krav til studierett
Ope
Obligatorisk undervisningsaktivitet

5 obligatoriske oppgåver må løysast og godkjennast.

Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.

Vurderingsformer
Skriftleg fire timar. Ingen hjelpemiddel tillatne
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust (oddetalsår) og vår (partalsår)
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvar tredje gong emnet vert heldt, av faglærar kvar gong.