Introduksjon til innovasjonsmetodar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

nnovasjonsmetodar er etterspurde i alle bransjar, fordi arbeidstakarar i dag må forhalde seg til stadig nye teknologiar og endringar i arbeidslivet. Slike metodar kan nyttast både kommersielt og til idéutvikling med andre føremål, både i privat og offentleg sektor.

Dette emnet gir ei forskingsbasert introduksjon til innovasjonsmetodar. Studentane lærer å planleggje og formulere eit komplett verdiforslag basert på metoden som blir kalla Lean Canvas. Metoden hjelper studentane med å strukturere og konkretisere verdifulle løysingar - anten det gjeld eit nytt produkt, ei teneste eller ei teknisk løysing. Dei lærer å skildre kva nytteverd eit verdiforslag kan ha for brukarar eller kundar, kva som skil det frå andre forslag, kva det vil koste å lage og bruke, og andre forhold som er viktige for å lukkast.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert innan kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten...

  • kan gjere greie for sentrale omgrep knytt til innovasjonsmetodar, med hovudfokus på metoden som blir kalla Lean Canvas
  • kan identifisere og skildre nøkkelkomponentane i eit verdiforslag
  • kan gjere greie for rollen verdiforslag, design og entreprenørskap har i det norske samfunnet

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan utvikle og formidle eit verdiforslag ved å bruke metoden Lean Canvas
  • kan identifisere behov og moglegheiter for verdiskaping i og utanfor organisasjonar
  • kan bruke metoden Lean Canvas for å evaluere kvalitet og livskraft for eit verdiforslag

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan formidle teoriar og metodar for innovasjon og entreprenørskap både skriftleg, munnleg og gjennom eiga praksis
  • kan bruke innovasjonsmetodar for å løyse problem
  • kan presentere verdiforslag tydeleg og overtydande for ulike interessentar, ved å bruke korrekt terminologi og overtydande argumentasjon

Studiepoeng, omfang

2,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningssted

Nettbasert undervisning på læringsplattformen Mitt UiB
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.

Emnet består av nettbaserte modulaar med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.

Emnet består av nettbaserte modular med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Karakterskala
Bestått / ikke-bestått
Vurderingssemester

Eksamen blir tilbudt i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emner blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.