Innovasjonsmetodar: Formidling med pitchpresentasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 2.5
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- INNOV106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Innovasjonsmetodar er etterspurde i alle bransjar, fordi arbeidstakarar i dag stadig må forhalde seg til endringar i arbeidslivet. Det er vanleg å laga nye innovasjonsprosjekt, og då er det viktig å kunne formidle dei verdiane som er sentrale i prosjektet på ein målretta måte.
Dette emnet gir ei forskingsbasert introduksjon til metodar for muntleg og skriftleg pitchpresentasjon. Det er viktig å kunne formidle prosjektkvalitetar til eit publikum med ulike synspunkt og prioriteringar. Sentrale metodar er heispitch, pitchdeck til offentlege presentasjonar og skriftlege rapportar i etablert bransjespråk.
På kurset lærer du å planleggje, formulere og utføre pitchpresentasjonar. Emnet hjelper deg med å strukturere tankar, fakta og tolkingar rundt eit prosjekt, slik at du kan legge det fram på ein overtydande måte til ein kritisk lyttar. Kurset bygger på akademiske teoriar om kommunikativ handling i design og innovasjon.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert innan kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- kan gjere greie for kva retoriske og strategiske kommunikasjonsformer går ut på med historiske perspektiv og teoretiske omgrep
- kan forklare nøkkelkomponentane i strategiar for ulike typar pitchpresentasjon på ein heilskapleg måte
- kan gjere greie for rollen retorisk og strategisk kommunikasjon har i det norske innovasjonssystemet
Ferdigheiter
Studenten...
- kan gjennomføre munnlege og skriftlege pitchpresentasjonar ved hjelp av etablerte metodar for effektiv formidling.
- kan identifisere behov og moglegheiter for pitchpresentasjonar i og utanfor organisasjonar
- kan bruke kritiske tilbakemeldingar på ein presentasjon på ein konstruktiv måte
Generell kompetanse
Studenten...
- kan nyttiggjere seg metodar for målretta kommunikasjon på ein strategisk måte i forskjellige samanhengar i arbeidslivet
- kan bruke muntlege og skriftlege presentasjonar for å løyse problem
- kan omstille seg til å løyse nye problem, og forstå nye behov og interesser ved hjelp av effektiv kommunikasjon.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.
Emnet består av nettbaserte modulaar med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.
Emnet består av nettbaserte modular med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.