Innovasjonsmetodar: Målgruppeanalyse med personas

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Innovasjonsmetodar er etterspurde i alle bransjar, fordi arbeidstakarar i dag stadig må forhalde seg til endringar i arbeidslivet. Det er viktig å forstå motiva til folk som skal vera brukarar av nye tilbod, og styrka sjansen for at dei faktisk vil bruka innovasjonen. 

Dette emnet gir ei forskingsbasert introduksjon til metodar for brukarforståing og målgruppeanalyse. Studentane lærer å utforske og formulere ei målgruppe for prosjektet sitt basert på innsikter om behov, interesser og bruksmønster samla inn med kvalitative og kvantitative metodar. Ein viktig metode for slik analyse er persona; det vil seie forteljingar om ideelle brukarar av di løysing. Ein persona er eit scenario for framtidige bruksmønster basert på empiriske innsikter. 

Det er særleg viktig å peike ut "early adopters"; det vil seie dei som truleg først vil ta i bruk ditt produkt, teneste eller digitale løysing. For å finne dei, må du ha god brukarforståing i prosjektet. Kurset bygger på brukarstudier og andre akademiske teoriar om brukaroppleving (UX) og publikumsåtferd.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert innan kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten...

  • kan gjere greie for sentrale eigenskapar ved brukarar og målgrupper med historiske perspektiv og teoretiske omgrep
  • kan forklare nøkkelkomponentane i ein strategi for brukarforståing og målgruppeanalyse på ein heilskapleg måte
  • kan gjere greie for rollen brukarforståing og målgruppeanalyse har i det norske innovasjonssystemet

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjennomføre si eiga målgruppeanalyse ved hjelp av personas eller tilsvarande metodar for scenariobygging.
  • kan identifisere behov og moglegheiter for brukarforståing og målgruppeanalyse i og utanfor organisasjonar
  • kan vurdere kvaliteten på ei målgruppeanalyse kritisk

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan nyttiggjere seg metodar for brukarforståing og målgruppeanalyse på ein strategisk måte i forskjellige samanhengar i arbeidslivbet
  • kan bruke brukarforståing og målgruppeanalyse for å løyse problem
  • kan omstille seg til å løyse nye problem, og forstå nye behov og interesser ved hjelp av brukarforståing og målgruppeanalyse

Studiepoeng, omfang

2,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningssted

Nettbasert undervisning på læringsplattformen Mitt UiB
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
  • INNOV103 (2,5 studiepoeng)
  • MCB201 (2,5 studiepoeng)
  • MIX250 (2,5 studiepoeng)
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.

Emnet består av nettbaserte modulaar med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Undervisninga er nettbasert og består av læringsaktivitetar og øvingsoppgåver i læringsplattformen Mitt UiB.

Emnet består av nettbaserte modular med variert digitalt læringsmateriell og aktivitetar. Emnet er bestått når alle modular er gjennomførte og godkjende av faglærar.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen blir tilbudt i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emner blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Institutt for informasjons- og medievitenskap.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.