Islandsk språk og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studiet skal gje studentane god innsikt i utvalde språklege tema, mellom anna språkpolitikk, purisme, skrivemåte av importord, engelsk påverknad, dialektar, vestislandsk, utvikling av ordforråd og produktivitet av ordprosessar.

Læringsutbytte

Studentane skal ha skaffa seg eit godt innblikk i pensum, slik at dei er i stand til å greie ut om dei enkelte temaa og sjå samanhengen mellom dei.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon
Studiepoengsreduksjon
ISL101 og ISL104 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å halde eit innlegg på om lag 10 minutt om eit tema frå pensum.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på sju dagar.

Det blir gitt ei fleirdelt oppgåve. Oppgåvene blir gitt med det som føresetnad at studentane har delteke på undervisninga.

Oppgåvesvaret bør vere på 4500-5000 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

Eksamenssvaret skal skrivast på norsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarlig
Programstyret for nordisk
Emneansvarlig
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvstiske, litterære og estetiske studium