Makroøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med kurset er å gi studentene ein introduksjon til makroøkonomisk analyse og modellverktøy.

I kurset gjennomgår vi sentrale målestorleikar, t.d. nasjonalreknskap, rentenivå, investeringar, inflasjon og vekst, og korleis disse kan påverkast med hjelp av offentleg politikk. Ein går mellom anna vidare inn på globaliserte kapitalmarknader, optimale valutaområder og internasjonale pengesystem.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kan gjere greie for dei viktigaste samanhengane i nasjonalrekneskapen, korleis ein stiller opp eit utanriksrekneskap, og korleis ein kan utvide nasjonalrekneskapsapparatet til opne økonomiar.
  • kan forklare korleis makroøkonomiske nøkkelstorleikar slik som rente, valuta, og aktivitetsnivå heng saman med kvarandre, og korleis desse kan påverkast med hjelp av offentleg politikk.
  • gjere greie for forholdet mellom nominell og reell valutakurs og relative prisar på ulike land sine eksportvarer
  • gjere greie for teorien om kjøpekraftsparitet
  • beskrive og forklare korleis teknologisk utvikling bidrar til produktivitetsauke og økonomisk vekst

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda, samt økonomisk politikk
  • drøfte omgrepet nominell og realvalutakurs
  • drøfte forholdet mellom realvalutakurs og internasjonale forskjellar i realrenter
  • gje eit historisk oversyn over internasjonale pengesystem
  • drøfte teorien for optimale valutaområde og drøfte utfordringar i eurosamarbeidet i lys av denne teorien

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan følgje uformelle økonomiske resonnement knytta til faget, for eksempel innhaldet i faglige utgreiingar eller politiske diskusjonar.
  • har trening i å framstille resonnement ved hjelp av modellar, eksempel og figurar.
  • har trening i innhenting og tolkning av makroøkonomiske data

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
ITØK101
Studiepoengsreduksjon
4 studiepoeng med ECON130, 6 studiepoeng med ECON230.
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fem obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesningar (minst 80%) og på seminar (minst 67%).

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitets regler.
  • Ordbok førehandsgodkjent av fakultetet</a>

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.