Forvaltningsrett
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 22
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- JUS222
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Ei mangslungen og gjennomgripande offentleg forvaltning legg rammer for livsutfalding og aktiviteten til individ, næringsliv og andre. Som ein naturleg konsekvens er det ein stor og stadig aukande trong for juridisk kompetanse i forvaltninga.
Målsetjinga for emnet Forvaltningsrett er å sikre at framtidige juristar har god kunnskap, ferdigheiter og kompetanse om særtrekka ved forvaltningsrettsleg problemløysing der bruk av kunstig intelligens reiser særlege spørsmål.
Stortinget vedtok i juni 2025 ei ny forvaltningslov som skal ta over for den gjeldande som er frå 1967. Sjølv om 2025-lova enno ikkje er iverksett, og det er uvisst når det vil skje, byggjer så vel krava til læringsutbyte i emnet som undervisninga på den nye lova.
Offentleg forvaltning omfattar organ for stat og kommune, men også private som treff avgjerder på vegne av det offentlege. Konkret kan dette vere kollegiale organ, som kommunestyre eller styret ved Universitetet i Bergen, eller administrative organ som kommunedirektøren, statsforvaltaren og departementa.
Forvaltningsrettslege spørsmål omfattar dei interne forhold i forvaltninga og forholdet mellom ulike organ, som organisering, styring og ansvarsforhold. Eit hovudfokus er likevel på forholdet til private: under dette grensene for kva vedtak som kan treffast, kven som kan gjere det og på kva måte (sakshandsaminga). I emnet Examen Philosophicum som til dels går parallelt med JUS222 Forvaltningsrett, brukar ein i særleg grad døme frå forvaltningsretten for å synleggjere samanhengar på tvers.
Verksemda i dei enkelte deler av forvaltninga - som handsaming av plan- og byggjesaker, saker om ytingar frå NAV eller helse- og omsorgstenenester - har sine særlege reglar, som gjerne blir kalla spesiell forvaltningsrett. Hovudfokus for emnet Forvaltningsrett er likevel dei generelle reglane og prinsippa som gjeld for heile den offentlege forvaltninga eller dei største og mest sentrale delane av denne - det som også blir kalla allmenn forvaltningsrett. I stort omfang har emnet karakter av å vere ein studie av særlege rettskjeldeprinsipp og samspelet mellom desse og rettskjeldemateriale med utspring i ulike delar av spesiallovgjevinga. Slik byggjer emnet i stor grad vidare på føregåande emne som JUS100 Juridisk argumentasjon i rettsstaten og JUS215 Juridisk metode.
Frå den spesielle forvaltningsretten vil enkelte spørsmål og problemstillingar bli valde ut for ein djupare analyse, med særleg vekt på forholdet til allmenn forvaltningsrett. Døme her kan vere tematikk frå miljøforvaltningsrett og velferdsrett, men dette kan variere frå studieår til studieår.
Medvitet om at rettsreglar med eit internasjonalt utspring også set rammer for forvaltninga si verksemd, er aukande. Av særleg betydning er EU-/EØS-retten og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Tradisjonell norsk forvaltningsrett vil bli sett i perspektiv ved å trekkje inn problemstillingar frå desse rettsfelta. Slik blir også det føregåande emnet JUS221 Rettsstaten på andre studieår, bygt vidare på og utfylt. Seinare på studiet vil JUS222 Forvaltningsrett gje ein viktig grunnkompetanse for å trenge inn i meir spesialiserte problemstillingar av forvaltningsrettsleg karakter, som kan vere aktuelt i varierande grad både i enkelte obligatoriske emne, val- og fordjupingsemne og ved skriving av masteroppgåve.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Etter at emnet Forvaltningsrett er gjennomført, skal studentane ha god kunnskap om:
- Dei særlege metodiske problemstillingane ved løysing av forvaltningsrettslege spørsmål
- Dei grunnleggjande omsyn forvaltningsretten byggjer på
- Det juridiske kompetanseomgrepet, herunder forholdet mellom ulike typar kompetanse
- Personelle kompetansespørsmål, mellom anna delegering
- Kravet om heimel (materiell kompetanse) i forvaltningsretten, særleg om når heimel i formell lov trengst, og i den samanheng innhald og utstrekning av det tradisjonelle norske legalitetsprinsippet
- Forvaltningsloven 2025 og offentleglova sine verkeområde, oppbygging, kva omsyn dei byggjer på, samspelet med ulovfeste prinsipp for sakshandsaminga og føresegner om dette i spesiallovgjevinga, og samspelet med materiell forvaltningsrett
- Kva som er nytt i forvaltningsloven 2025 samanlikna med forvaltningsloven 1967
- Sentrale føresegner i forvaltningsloven 2025 om sakshandsaminga (stundom kalla prosessuell kompetanse), som habilitet, rettleiing, teieplikt, utgreiing av saka, varsling og kontradiksjon, vedtak og grunngjeving
- Dokumentinnsyn etter forvaltningsloven 2025 og offentleglova
- Ulike ordningar for administrativ overprøving og kontroll av forvaltningsvedtak, under dette forvaltningsklage og omgjering utanfor klagesak
- Rettslege problemstillingar ved automatiserte avgjerdsprosessar, særleg bruk av kunstig intelligens
- Skiljet mellom rettsbruksskjønn og forvaltningsskjønn, inklusive forholdet mellom desse omgrepa og domstolskontrollen, samt dei rettslege skrankane som særleg gjeld ved forvaltningsskjønn
- Diskusjonen om forholdsmessigheit (proporsjonalitet) som skranke for forvaltninga si utøving av kompetanse, ut frå ulike rettslege perspektiv
- Forvaltninga sin kompetanse til å stille vilkår for vedtak, avtalekompetanse og kompetanse til førehandsbinding (av kompetanse)
- Dei rettslege konsekvensane av kompetansesvikt, særleg om når eit vedtak blir ugyldig
- Utvalde problemstillingar frå den spesielle forvaltningsretten, med vekt på samspel, likskapar og ulikskapar med dei allmenne forvaltningsrettslege prinsippa
- Utvalde problemstillingar frå EU-/EØS-retten og EMK-retten, med vekt på likskapar og ulikskapar med tradisjonell norsk forvaltningsrett
- Særlege etiske utfordringar i forvaltningsretten
Ferdigheter
Etter at emnet Forvaltningsrett er gjennomført, skal studentane ha tileigna seg gode ferdigheiter om følgjande:
- Bruk av allmenne forvaltningsrettslege prinsipp i analysen av problemstillingar frå ulike greiner av ei mangslungen offentleg forvaltning, også med utspring i sektorlovgjeving eller faktiske problemstillingar som ikkje har vorte fokusert i undervisninga eller i litteraturen
- Kunne innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere problemstillingar og samanhengar og kunne føreta ein sjølvstendig analyse ut frå eit samansett rettskjeldebilete
- Å identifisere når ein står overfor forvaltningsrettslege spørsmål som treng ei nærare EU-/EØS- eller EMK-rettsleg vurdering
- Kritisk kunne vurdere godleiken av element i den lovfeste og ulovfeste forvaltningsretten
- Formidle juridiske analysar og standpunkt både munnleg og skriftleg og med utgangspunkt i ulike sjangrar, under dette den emnespesifikke forvaltningsvedtak-sjangeren
- Kunne identifisere og drøfte etiske problemstillingar som oppstår i forvaltningsretten
Generell kompetanse
Etter at emnet Forvaltningsrett er gjennomført, skal studentane ha god generelle kompetanse til å
- tileigne seg ny kunnskap om juridiske emne- systematisere og analysere eit komplekst rettsleg materiale, også med utspring i kjelder ein ikkje har kjennskap til frå før
- formidle juridisk analyse, gje råd og ta standpunkt
- presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar, både skriftleg og munnleg
- arbeide sjølvstendig og i grupper
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet går første gang våren 2023.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
I kombinasjon med JUS111 Forvaltningsrett I: 12 nye studiepoeng
I kombinasjon med JUS123 Forvaltningsrett II: 5 nye studiepoeng
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsopplegget er sett saman av førelesingar, arbeidsgrupper og storgrupper.
Førelesingane har særleg som funksjon å bidra til struktur og å utfylle, samanstille og problematisere litteraturen. Arbeidsgruppene er den primære arena for utvikling av fagleg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Ulike tekstsjangrar vil bli brukt, inkludert det emnespesifikke "forvaltningsvedtaket". Storgruppene skal foredle læringsprosessen gjennom eit ulikearta fagleg opplegg frå samling til samling der munnleg presentasjon og diskusjon av problemstillingar på eit høgare nivå enn i arbeidsgruppene, er dreiepunktet.
Det er ei forventning om at alle studentar deltek aktivt i møta og at storgruppeleiarane bidreg til at studentane kan vere aktive.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Gruppemøter, oppgaveskriving og kommentering er obligatorisk. Utregningen av deltakelsen blir gjort som fastsatt i Retningslinjer for utrekning av obligatorisk deltaking.
- For alle skriftlige arbeider som skal regnes med i obligatoriske arbeidskrav, skal hele oppgaven besvares, og besvarelsen må fylle de kvalitative og kvantitative minstekravene som er fastsatt i Krav til skriftlige arbeider på masterprogrammet i rettsvitenskap ved UiB.
- Ordgrensen for arbeidsgruppeoppgaver er 1500 ord inkludert fotnoter og sluttnoter. Grensen er absolutt.
- I løpet av kurset skal det leveres svar på en obligatorisk oppgave med en ordgrense på 4000 ord. Tidsrammen for oppgaven blir gjort kjent ved kursstart. Oppgaven må være godkjent for å få ta avsluttende eksamen.
- Ved underkjent kursoppgave får studenten en kort frist på seg til å levere inn et revidert oppgavesvar, men det blir ikke gitt faglige tilbakemeldinger ved andregangslevering. Øvrig underkjent deltakelse kan ikke gjentas før ved neste kurs.
- Kursgodkjenning foreldes ikke.
Vurderingsformer
Obligatoriske undervisningsaktiviteter er vilkår for å gå opp til eksamen, og inngår følgelig i sertifiseringsgrunnlaget.
Digital skuleeksamen 6 timar, med absolutt ordgrense 4000 ord.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Digitale hjelpemidler
Se fakultetets utfyllende regler § 3-8.
Digitale utgaver av Bokmålsordboka og Nynorskordboka vil være tilgjengelige i Inspera under eksamen.
I tillegg er følgande tillate på denne eksamenen:
*Lov- og forskriftstekstar og praksis frå Høgsterett er tilgjengelege i Lovdata
*Eigne utval (utvalstittel maks 30 teikn), og moglegheit til å skrive inn eigne titlar på dokument i utvala (maks 30 teikn)
*
Berre tilvisingsmerknadar
Analoge hjelpemidler
Analoge hjelpemidler er utfaset fra og med studieåret 2020/21, se SU-sak 61/20.
Programansvarlig
Studieutvalget ved det Juridisk fakultet
Emneansvarlig
Professor Bjørn Henning Østenstad
Professor Anneken Kari Sperr