Kinesisk språk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer grunnopplæring i moderne mandarin. Mandarin er hovudspråket i mellom anna fastlands-Kina og Taiwan, og er inngangsporten til ei av verdas eldste sivilisasjonar. Det er det språket i verda som har flest morsmålsbrukarar. Studentane skal tileigne seg praktisk ferdigheiter i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal lære seg god uttale ved hjelp av transkripsjonssystemet Hanyu pinyin, eit grunnleggjande vokabular, samt eit visst tal skriftteikn.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane ha innleiande kunnskap om utsjånaden og oppbygginga til kinesiske teikn. Dei skal kunne lese enkle tekstar og føre ein enkel samtale på mandarin.

Studentane skal

- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.

- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytt til daglegliv og 160 nye skriftteikn

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

God dugleik i engelsk

Studiepoengsreduksjon

Det er 10 studiepoeng fagleg overlapping mellom KIN111 og KIN101. KIN101 tilhøyrde den gamle studieplanen for bachelorprogrammet i kinesisk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 8-10 timar undervisning i veka, i 6 veker i første halvdel av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn 5 skriftlege og munnlege oppgave, må godkjend minimum 4 av desse.

Det blir kravd at studentane har 75 % oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Mappevurdering. 5 munnlege oppgåver (lydfiler).

Karakterskala

Ved sensur av ement nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimediaverkty.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.