Kinesisk språk 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer vidaregåande innføring i moderne mandarin. Studentane skal tileigne seg praktisk ferdigheiter i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal tileigne seg eit utvida vokabular og eit visst tal skriftteikn. Dei får øve seg i å skrive og bruke enkle og frekvente kinesiske teikn. Emnet gir òg ein praktisk gjennomgang av grunntrekka i grammatikken.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin.

Studentane skal- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk. - ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytte til daglegliv og 160 nye skriftteikn

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

God dugleik i engelsk. KIN111 eller tilsvarande kunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Det er 10 studiepoeng fagleg overlapping mellom KIN112 og KIN102. KIN102 tilhøyrde den gamle studieplanen for bachelorprogrammet i kinesisk

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 8-10 timar undervisning i veka, i 6 veker i første halvdel av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette kurset har 5 obligatoriske oppgåver. I tillegg skal studenten i løpet av semesteret halde minst éin munnleg presentasjon. Studenten må få 4 av 5 oppgåver pluss presentasjonen godkjent for å kunne framstille seg til vurdering.

Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Fire timar skriftleg eksamen i leseferdigheiter, grammatikk og skriveferdigheiter.

Karakterskala

Ved sensur av ement nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimediaverkty.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for kinesisk

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.