Bachelorprosjekt i kjemi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- KJEM295
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.Merk at dagleg rettleiing på prosjekt kan foregå på engelsk, og mykje av bakgrunnsmaterialet for prosjektaførekjem utelukkende på engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med emnet er å gje studenten erfaring med vitskapleg arbeid i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapleg prosjekt. Dette inneber mellom anna at studenten skal kunne nytte dei ressursane som er naudsynte for å gjennomføre eit vitskapleg prosjekt, og kunne uttrykkje seg presist og vitskapleg, både skriftleg og munnleg.
Innhald
Studentane gjennomfører eit prosjekt under rettleiing frå ein vitskapleg tilsett ved Kjemisk institutt. Prosjektet inngår i instituttet sine forskingsaktivitetar eller blir utført i samarbeid med ei bedrift eller ein offentleg etat. Arbeidet kan gjennomførast sjølvstendig eller i samarbeid med andre studentar, oftast i små grupper på 2-3. Gjennom seminar og førelesingar utviklar studentane faglege og generelle ferdigheiter som er nødvendige for å planleggje, gjennomføre og rapportere resultata av eit forskingsprosjekt. Dette inkluderer bruk av bibliotektenester, skriving av vitskaplege tekstar, bruk av vitskapleg litteratur, samt fordelar og ulemper ved bruk av KI m.m. Studentane deltek på eit postersymposium der prosjektarbeida blir presenterte. Eigne felles samlingar og arbeidsverkstader for postersesjonen inngår òg i emnet. Emnet inneheld i tillegg eit obligatorisk HMS-kurs med fokus på laboratoriesikkerheit (HMS-II, arrangør: Kjemisk institutt).
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og
generell kompetanse:
Kunnskaper
Studenten
- har praktisk erfaring med kjemisk forsking som prosess og arbeidsmetode
- kan plassere eigne data og funn i ein fagleg kontekst
- kjenner til struktur og oppbygging av ein vitskapleg artikkel
- kan presentere vitskaplege resultat skriftleg og munnleg
- kjenner til reglar for tryggleik i laboratoriet
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre, og rapportere resultat frå ei definert forskingsoppgåve i samsvar med kjemifaget sine standardar
- ølgjer relevante reglar for tryggleik i laboratoriet
- kan finne, samanfatte og nytte litteratur og anna fagkunnskap som er relevant for eit definert prosjekt
- kan forklare og grunngje korleis resultata i prosjektet kan tolkast og vurderast
- kan gje tilbakemelding på medstudentar sitt arbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan strukturere arbeidet i eit prosjekt og ta naudsynte steg for å sikre framdrift
- kan nytte vitskaplege metodar til å undersøkje ei problemstilling.
- kan ta naudsynte steg for å sikre framdrift av eit prosjekt.
- kan samarbeide med andre i eit forskningsfelleskap
- kan rapportere eige arbeid og resultat etter ein standardisert mal
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar/seminar:
- Seminar over aktuelle tema, utfordringar og problemstillingar ved prosjektarbeid
- Midtsemestermøte der studentane presenterer status for eigne prosjekt
- Poster-workshops
- Deltaking på poster-symposium med prosjektpresentasjon i posterformat. Studentane skal gje tilbakemeldingar på minst to av dei andre posterane.
Prosjektarbeid:
- Over ein periode på 7-8 veker utfører studentane prosjektarbeidet under rettleiing
Rapportering
- Skriving av individuell/gruppevis prosjektrapport i avtalt format.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på forarbeid og levering av godkjent prosjektplan
- Minimum 80 % deltaking på seminar, fellesundervisning og workshops
- Individuell poster
- Tilbakemelding på minst 2 andre av emnet sine posters.
- Deltaking på postersymposium
Obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester.
Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende før ein kan få vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Studenten leverer ei mappe etter oppsatt mal som inkluderer:
- Endeleg prosjektrapport
Arbeidet med rapporten vert òg vektlagt. Kvar student vert vurdert individuelt. Om ei gruppe leverer ein felles prosjektrapport kan såleis deltakarane få ulike karakterar.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Programansvarlig
Emneansvarlig
studierettleiar@kj.uib.no