Bachelorprosjekt i kjemi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- KJEM299
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med emnet er å gje studenten erfaring med vitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt. Studentane skal i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar definere ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve ("prosjektet"), gjennomføre arbeidet og presentere det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve. Studentane skal også lage ein plakat (poster) kor prosjektet blir presentert.
Emnet forutset deltaking i HMS II-kurset (gitt av Kjemisk Institutt).
Innhald
I emnet skal studenten planlegge og utføre eit vitskapeleg prosjekt i ei forskingsgruppe e.l. under fagleg rettleiing. Studenten skal presentere prosjektet på ulike måtar (skriftleg prosjektrapport i vitskapleg stil, munnlege framstillingar og plakat/poster)
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan setje seg grundig inn i ei ny problemstilling.
- kan planlegge og gjennomføre eit avgrensa prosjekt.
- kan presentere vitskapelege resultat skriftleg og munnleg.
- kan tileigne seg djupare kunnskapar om eit tema gjennom eige arbeid.
Ferdigheiter
Studenten
- kan finne informasjon om eit gitt tema i vitskapleg litteratur.
- kan strukturere arbeidet i eit sjølvstendig prosjekt.
- kan nytte vitskaplege metodar til å undersøkje ei problemstilling.
- kan skrive ein strukturert og fagleg korrekt prosjektrapport.
Generell kompetanse
Studenten
- kan ta naudsynte steg for å sikre framdrift av eit prosjekt.
- kan vurdere kvalitet og relevans av eigne resultat.
- kan formidle resultat av eige arbeid gjennom skriftleg rapport, plakat og munnleg framstilling.
- kan delta i faglege diskusjonar rundt eiga arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet
Undervisningssted
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar: Kurset vert undervist i bolkar. I hovudsak vil bolkane leggast til tida før og etter prosjektperioden.
Prosjektarbeid: Over ein periode på 6-8 veker utfører studentane prosjektarbeid under rettleiing (studentane arbeider normalt i grupper på 2-3 studentar, alternativt kan ein arbeida aleine).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på første forelesning.
Det er krav om minimum 80 % deltaking i felles undervisning (I hovudsak før og etter prosjektperioden).
To munnlege framføringar av prosjektet (Ein før prosjektarbeidet har starta og ein etter at prosjektet er ferdig) .
Individuell skriftleg oppgåve/rapport. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakter basert på den skriftlege innleverte oppgåva.
Studentene skal lage og presentere ein plakat (poster) basert på den skriftlege rapporten,
Deltaking på HMS-II kurset ved Kjemisk Institutt er ei forutsetning.
Obligatorisk deltaking i undervisninga i innleiingsdelen er gyldig i 2 påfylgjande semester.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar: kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31