Klima- og naturforteljingar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Klimaendringane og tap av naturmangfald er nokre av dei største samfunnsutfordringane i vår tid. Desse komplekse problema har både sosiale, politiske, etiske og kulturelle årsaker og konsekvensar. Difor er det viktig å belyse klima- og miljøutfordringane frå mange ulike disiplinar og perspektiv, inkludert humanistiske. Emnet KLIMA200 har som mål å gje innsikt i humanistiske og tverrfaglege tilnærmingar til klima- og naturspørsmåla, med utgangspunkt i at dei ofte tek form av forteljingar, eller narrativ.

Formålet med emnet er å reflektere rundt formidling av klima- og naturspørsmål gjennom ulike diskursar og korleis ein kan tolke desse forteljingane. Studentane vil studere teksteksempel frå til dømes naturvitskap, skjønnlitteratur, media og politikk. Sentrale spørsmål vil vere språket si rolle i klima- og miljødiskursen og korleis forteljingar kan auke forståinga vår av desse utfordringane. Emnet vil i tillegg gje ei innføring i sentrale omgrep som diskurs og forteljing, og gje innblikk i nokre utvalde tekstar knytte til dømes til humanistisk miljøforsking og økokritikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal kjenne til ulike forteljingar om klima og natur frå ulike felt
  • skal kunne gjere greie for nokre sentrale problemstillingar og tilnærmingar i den humanistiske klima- og naturforskinga

Ferdigheiter

Studenten

  • kan presentere, drøfte og analysere ulike forteljingar om klima og natur i lys av teori og relevante metodiske tilnærmingar
  • kan bruke kunnskapen frå emnet til å utvikle fagleg funderte problemstillingar knytte til klima- og naturforteljingar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstå korleis klima- og miljøspørsmål blir formidla gjennom forteljingar
  • er i stand til å identifisere klima- og naturforteljingar og vurdere deira oppbygging og hensikt i ulike samanhengar

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Emnet vert tilbydd om ressurssituasjonen tillèt det.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, sjå tilrådde forkunnskapar
Anbefalte forkunnskaper
Det er tilrådd å ha minimum 60 studiepoeng før oppmelding til emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt to timar førelesing/seminar i veka i seks til sju veker. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein munnleg presentasjon på 10-15 min.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
3-dagars heimeeksamen med eit omfang på 2000 ord.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vurderingssemester er haust og/eller vår. Der er òg vurdering tidleg i det påfølgjande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ved heimeeksamen er alle hjelpemiddel tillatne.
Programansvarlig
Institutt for framandspråk
Emneansvarlig
Institutt for framandspråk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.