Verkstadsfordjuping: grafikk - dyptrykk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette fordjupingskurset i djuptrykk gir ei innføring i etsning i kopar. Kurset omfattar arbeid med streketsing, hardgrunn, mjukgrunn, akvatint og flatbiting. Det blir òg gitt nødvendig HMS-opplæring knytt til teknikkane, med særleg fokus på tryggleik ved bruk av kjemikaliar og utstyr.

Kurset skal gi studentane ei teknisk forståing av dei ulike moglegheitene innan djuptrykk, samt innsikt i dei enkelte prosessane og tilhøyrande tryggleikstenking. Etter endt kurs skal deltakarane ha grunnleggjande ferdigheiter i dei sentrale djuptrykksmetodane og kunne arbeide i verkstaden innanfor gitte tryggleiksrammer.

Varigheit: 3 dagar.

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskaper

Tilgang til kurset føreset gjennomført KMDINTRO-005 Verkstadstilgang: grafikk – djuptrykk/høgtrykk, eller anna godkjent HMS-kurs for høgtrykk eller monotypi.

For å melde seg til emnet må godkjende forkunnskapskrav vere registrerte i Studentweb. Dersom du meiner at du oppfyller forkunnskapskrava til verkstadsfordjupinga, men dette ikkje er registrert for deg, ta kontakt på studierettleiar.kmd@uib.no.

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på studieprogram ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst og Institutt for design.