Pedagogikk 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om lærarrolla i skulen i dag med særleg fokus på problemstillingar knytt til yrkesetikk, profesjonsforståing og skulekultur, og sosialisering i eit fleirkulturelt samfunn.

Grunnleggande i emnet er kjennskap til og forståing for skulen som organisasjon og formelle rammer for utdanning i Noreg (aktuelle lov- og planverk og deira historikk).

Pedagogikkemna gjev saman med dei fagdidaktiske emna studentane reiskapar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning. 

 

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • generell didaktikk.
  • profesjons- og kulturforståing for læraryrket og skulen som organisasjon.
  • sosialisering (ungdom, skule og samfunn).
  • skulen i eit kultur- og demokratiperspektiv.
  • yrkesetikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

 

Kunnskap

Studenten..

  • har god kunnskap om skulen som organisasjon, skulekultur og lærarrolla.
  • har god kunnskap om endring i skule og samfunn og korleis dette påverkar ulike aktørar.
  • har god kunnskap om estetiske dimensjonar i skulesamfunnet.
  • har god kunnskap om yrkesetikk.
  • har god kunnskap om samanhengar mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skulens og læraren si rolle i samfunnet.

 

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan analysere og drøfte undervisningssituasjonar i lys av etablert kunnskap om eleven og skulen.
  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplanar og andre styringsdokument og sjå dette i lys av skulen sitt danningsoppdrag.
  • kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsfellesskap for alle elevar.
  • kan planlegge undervisning med bruk av relevante arbeidsmetodar og tilpassa den einskilde elev sine læringsføresetnader.
  • kan vurdere bruk av digitale verktøy i undervisninga, og utfordringar og moglegheiter knytt til dette.
  • kan identifisere, analysere og drøfte relevante yrkesetiske problemstillingar.
  • kan analysere og drøfte ulike utfordringar i lærarrolla og lærarkulturen, inklusiv yrkesetiske problemstillingar og korleis lærarar på ulik vis kan forholda seg til endringar i samfunnet og skulen.

 

Generell kompetanse

Studenten..

  • er tydeleg på kva som er ansvaret og oppgåvene i skulen, og er i stand til å balansere dette.
  • har ei profesjonell haldning og kan kunnskapsbasert og kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevane si læring og utvikling.
  • kan med stor grad av sjølvstende identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innanfor lærarprofesjonen.
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.
  • kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk.
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til skulen sitt danningsoppdrag.

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning vert gjeve i form av forelesingar, seminarundervisning, gruppearbeid og diskusjonar og presentasjonar - både individuelt og i gruppe.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet IRGA, med heimel i Midlertidig forskrift fastsatt av universitetsstyret 28.05.2020, vedteke endringar i dei obligatoriske arbeidskrava:

Om fråværet overstig 20 %, og det er fare for at læringsutbytet ikkje blir nådd, vil emneansvarleg vurdere om det er naudsynt å erstatte fråværet med anna læringsaktivitet. 

Studentane skal i løpet av haustsemesteret levere eit skriftleg samandrag av ein pensumtekst, og ein munnleg presentasjon av same tekst som gjennomførast digitalt via Zoom. Dette skjer gruppevis i form av samarbeidslæring. 

--

Under normale høve gjeld desse krava:

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Studentane skal i løpet av haustsemesteret levere eit skriftleg samandrag av ein pensumtekst, og ein munnleg presentasjon av same tekst. Dette skjer gruppevis i form av samarbeidslæring.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsformer for vårsemesteret 2021:

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • praksisrefleksjonsoppgåve på 2500-3000 ord som skal leverast i 2. semester (vår). Problemstilling og tematikk skal reflektera innhaldet i emnet og godkjennast av rettleiar.
  • munnleg eksamen som gjennomførast digitalt via Zoom, ca. 25 minutt.

Desse to eksamensdelane er vekta likt. Minimum to sensorar, kor av ein skal vera ekstern.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformane:

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • praksisrefleksjonsoppgåve på 2500-3000 ord som skal leverast i 2. semester (vår). Problemstilling og tematikk skal reflektera innhaldet i emnet og godkjennast av rettleiar.
  • munnleg eksamen, ca. 25 minutt.

Desse to eksamensdelane er vekta likt. Minimum to sensorar, kor av ein skal vera ekstern.

Karakterskala
Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk, har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.